Barnehagelærar - Pedagogsik leiar - Barnehagar 2025
Alver kommune
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Barnehagleærar og pedagogisk leiar - barnehagane i Alver kommune
Om stillingane
Det blir ledig faste stillingar og vikariat i barnehagane i Alver kommune neste barnehageår 11/8 2025. Det er ledige stillingar som pedagogisk leiar og som barnehagelærar.
Alver kommune har 6 kommunale barnehagar.
Mange av dei vil ha behov for ein eller fleire nye medarbeidarar til hausten. Du kan les meir om barnehagane vår her (https://www.alver.kommune.no/velkommen-til-vaare-barnehagar)
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar
Er du ein engasjert og omsorgsfull barnehagelærar?
Vi søkjer deg som brenn for borns utvikling og læring. Som barnehagelærar hos oss vil du planleggje og gjennomføre spanande og lærerike aktivitetar.
Du vil følgje opp og dokumentere bornas utvikling og trivsel, samt skape eit trygt og inkluderande miljø der alle born føler seg sett og høyrt.
Du vil samarbeide tett med foreldre og kollegaer for å gje borna den beste oppfølginga, tilretteleggje for born med spesielle behov og sikre like moglegheiter for alle.
I tillegg vil du delta aktivt i den daglege drifta og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Pedagogisk leiar
Er du ein inspirerande og fagleg sterk pedagogisk leiar?
Vi søkjer ein dyktig leiar som kan løfte vårt pedagogiske arbeid til nye høgder.
Som pedagogisk leiar hos oss vil du leie og organisere det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagens mål og rammeplan.
Du vil rettleie og støtte tilsette i deira pedagogiske utvikling, samt sikre eit godt psykososialt miljø for både born og tilsette.
Du vil samarbeide med foreldre, PPT, barnevern og andre relevante instansar, initiere fagleg utvikling og nytenking i barnehagen, og delta i barnehagens leiarteam for å bidra til ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet.
Kvalifikasjonskrav
Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskolelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med tilleggsutdanning innan barnehagepedagogikk.
Vi ser gjerne etter søkjarar med vidareutdanning innan fagområda som er relevant i barnehage .
Ønska kompetanse og eigenskaper
Me ønskjer at :
- Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom
- Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn.
- Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
- Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig.
- Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
- Du bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i Alverbarnehagane.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Menn vert oppmoda om å søkja
Vi tilbyr
Som ein del av våre skular får du moglegheita til å vere ein del av engasjerte og dyktig team. Du vil jobbe saman med flotte barn som vil inspirere deg kvar dag.
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med avtaleverk i kommune.
- Svært god pensjonsordning.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Trygge barn i trygge vennskap, og med tru på seg sjølv og omverda er noko av det viktigaste vi ynskjer at borna skal ta med seg frå åra i barnehagen.
Her kan du lese meir om vår barnehagar
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398756351
- Sist endret