
Industrirørleggar
Ulstein Verft AS
- Frist 20.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du fagbrev innan industrirørlegging og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?
Ulstein Verft søker etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar i eit spennande og engasjerande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss.
Intervju vert gjennomført fortløpande.Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem (ISO og Ermeto)
- Tilverking og montering av rørsystem om bord i skip
- Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
- Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
- Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar
- Installasjon av skipsmaskineri
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev.
Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing - frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere og løyse oppgåver saman med kollegaer.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Vakre fjell og turterreng kan ein enkelt nå til fots, på sykkel eller ski. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Skipsindustri, Verftsindustri, Opplæring, Fagbrev, Utdanning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398765476
- Sist endret