
Seksjonsleiar S4
Helse Bergen HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar
Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), i dag lokalisert på Sandviken-området, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern.
Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) har no ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar i seksjon S4. Seksjonen er ein lukka akuttpost med 12 sengeplassar. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod.
Som leiar får du stor moglegheit til å påverke og vidareutvikle seksjonen gjennom innovasjon og fagutvikling. I tillegg tilbyr vi tilgang til leiarutviklingsprogram og faglege nettverk som støttar både din personlege og profesjonelle utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, HMS- og resultatansvar for seksjon
- Ansvar for at vi driv døgnbehandling i tråd med faglege retningslinjer og overordna krav
- Ansvar for å legge til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
- Legge til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte og motivere til fagutvikling
- Halde seg oppdatert og orientert om gjeldande lover og føresegner
- Sjå klinikken sin samla aktivitet som ein heilskap
- Medverke til at seksjonen sine totale ressursar blir utnytta til det beste for heile klinikken
- Som seksjonsleiar rapporterer du til avdelingssjef for spesialisert psykosebehandling (ASP), og du blir del av leiargruppa ved ASP
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg utdanning
- Kunnskap og erfaring med arbeid med psykiske lidingar
- Kunnskap om psykisk helsevern
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevner
- God brukarkompetanse innan IKT
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
- Evne til å vere samlande og skape engasjement
- Evne til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
- Evne til å arbeide sjølvstendig, stukturert og målretta
- Sterk på avgjerder og gjennomføring
- Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Gode kommuniksasjons- og samarbeidsevner, trivast i eit fleirfagleg miljø
- Vere opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø på seksjonen og i leiargruppa
Vi tilbyr
- Moglegheit til å leie ei flott personalgruppe med mykje kunnskap og engasjement
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring og leiarstøtte
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonsleder, Sykepleier, Vernepleier, Psykiatri, Psykosepost
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398766524
- Sist endret