
Sommarjobb som saksbehandlar
UDI
- Frist 22.4.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
- Årslønn 510 000 - 540 000 kr
Ein sommarjobb med meining
Ein sommarjobb hos oss i UDI gir deg konkret og praktisk erfaring i ein aktiv organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Her får du bryne deg på reelle juridiske problemstillingar under god rettleiing og i samarbeid med gode kollegaer.
Stillingane høyrer inn under tenesteområdet for Opphald. Som saksbehandlar hos oss vil du handsame søknader frå til dømes utanlandske studentar som søkjer om opphaldsløyve før studiestart, arbeidsgjevarar som rekrutterer kompetent, naudsynt arbeidskraft frå utlandet, og familiar som søkjer om å besøke nære slektningar i Noreg. Hos oss vil du jobbe med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer som er opptekne av å møte brukarane våre med respekt og profesjonalitet. Stillingane er vikariat med arbeidsperiode frå juni og ut august 2025, med høve til forlenging.
Er du på jakt etter ein sommarjobb der du får arbeidserfaring med juridiske problemstillingar i eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø? Då er dette sommarjobben for deg!
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:- Handsame enkeltsaker etter utlendingslova med forskrift og forvaltningslova
- Via chat og/eller telefon rettleie søkjarar om regelverket og søknadene deira
- Bidra til smarte måtar å jobbe på som igjen gir ei betre brukaroppleving og kortare ventetider (sjå moglegheiter for standardisering og automatisering).
Kvalifikasjonar
- Bestått minimum bachelor i rettsvitskap eller relevante samfunnsvitskaplege fag
- Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Gode digitale ferdigheiter og evna til å organisere arbeidsoppgåver
- Vi ønskjer fortrinnsvis saksbehandlarar som kan jobbe minimum åtte veker samanhengande (det er ein fordel om du presiserer perioden du kan jobbe innanfor desse månadene juni-august).
Personlige eigenskapar
- Du likar å jobbe sjølvstendig og å fordjupe deg i problemstillingar
- Du ser korleis du kan nytte den faglege bakgrunnen din til å handsame søknader og hjelpe brukarane våre
- Du likar å jobbe etter spesifikke delmål, som igjen bidreg til å nå mål i eit større fellesskap
- Du er god på kommunikasjon og på å tilpasse kommunikasjonen til forskjellige mottakarar
- Du er fleksibel, positiv til endring og har interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Du jobbar strukturert for å få oversikt og å finne gode løysingar i kvar enkelt sak
- Du identifiserer deg med UDIs kjerneverdiar; menneskeverd, profesjonalitet og heilskap
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Velkomen til oss!I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonell nedsetjing eller innvandringsbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst ein kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Derfor bør du velje oss
Du får bryne deg på og erfaring med juridisk saksbehandling innan utlendingsforvaltninga og jobbe med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vane med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag. Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein kjempegod kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass, og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi).
Litt praktisk info
Stillingane er lønna på timebasis innan lønnsspennet kr 510.00,- og kr 540.000,- i brutto årslønn avhengig av kvalifikasjonar. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Kapasitet i forhold til oppstart og kontinuitet gjennom sommaren vil ha betydning for vår vurdering av kandidatar. Dei mest aktuelle vil bli inviterte til ein «informasjons- og intervjudag» hos oss. Meir informasjon kjem nærare.
I tråd med offentleglova kan du bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. I så fall blir du varsla.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: Innspurten 11D, 0663 Oslo
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
juss, utlendingsforvaltningen, saksbehandling, teamarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398770495
- Sist endret