
Industrimalar
Ulstein Verft AS
- Frist 20.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ein del av malaravdelinga i Ulstein?
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar i malaravdelinga. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer.
Intervju vert gjennomført fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Forbehandling og maling av innvendige og utvendige område, nybygg
- Bistå med vask, forbehandling og maling av utvendige skip, ettermarknadsoppdrag
- Arbeid i sandblåse- og malehall ved behov
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg med relevant fagbrev og erfaring innan malarfaget. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik vi kan diskutere og løyse oppgåvene i fellesskap.
Lagånda står sterkt i Ulstein og ved å ha godt humør og vilje til å bidra skal vi saman hjelpe kvarandre til å gjer Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneOm arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Skipsindustri, Verftsindustri, Maler, Produksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398770879
- Sist endret