
Er du vår nye kranførar?
Ulstein Verft AS
- Frist 20.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kranførar?
Ulstein Verft søker etter dyktige arbeidarar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og vil vere ein del av eit spennande og engasjerande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver der vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.
Personleg utvikling er viktig for trivsel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene kan blant anna innebere:
- Køyring av kran
- Stilasbygging
- Intern transport
- Inn- og utdokking av skip
- Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Vi er ute etter kranførarar som har sertifikat innan G3 og G4 (Portalkran) .
Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.
Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordnignar og fleksitidsavtale for våre tilsette.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneOm arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Skipsindustri, Verftsindustri, Kranfører, Rigger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398785507
- Sist endret