Vil du arbeide med å legge til rette for berekraftig havbruk?
Vestland fylkeskommune
- Frist 08.04.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du arbeide med å legge til rette for berekraftig havbruk?
Vi ser etter ein ny medarbeidar som i hovudsak vil arbeide med å legge til rette for ei berekraftig næringsutvikling innan havbruk. Dette er eit 2-årig vikariat. Arbeidsplass for den som vert tilsett vil vere Leikanger i Sogndal kommune. For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi ev. vere opne for å drøfte kontorplass på andre stader der vi har våre fagfolk. Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
Vestland fylkeskommune har etablert eit større samhandlingsprosjekt som skal fremme ein berekraftig sjømatproduksjon inn i framtida, kalt Styrka marin innsats. Her samarbeider vi tett med næringane, statlege etatar og kunnskapsmiljøa. Du vil arbeide med interessante oppgåver i dette prosjektet, som femnar om alt frå arealutfordringar, kompetanseutvikling, rekruttering til næringane, ressursutnytting og verdikjeder. Sirkulærøkonomi-tenking vil stå sentralt i samband med problemstillingar innan til dømes fiskeslam, restråstoff, foringrediensar, avfall og lågtrofiske artar. Du finn meir informasjon om prosjektet Styrka marin innsats her.
Andre aktuelle oppgåver kan vere:
- Halde god kontakt opp mot akvakulturnæringa og statlege styresmakter, og dele oppdatert kunnskap
- Utarbeide innspel til statlege styresmakter, deriblant svar på høyringar
- Ta del i tiltak og prosjekt som fremmar ei berekraftig utvikling innan sjøma
- Arbeide med å arrangere samlingar, nettverk og messer - særleg innan havbruk
- Sakshandsame og rådgje, mellom anna i samband med tiltak som fylkeskommunen yter støtte til
- Delta i marint internasjonalt arbeid og nettverk
- Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje kontakt med mellom anna dei marine næringane, Innovasjon Norge og statlege styresmakter.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har kunnskap om dei relevante fagområda og høgare utdanning innan fagområda. Du har gjerne ei naturfagleg utdanning på masternivå, men ønsket om mastergrad kan fråvikast for kandidatar som har god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå forvaltnings- og/eller utviklingsarbeid
- Erfaring med å legge til rette for næringsverksemd, og gjerne innan marin sektor
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling
- har evne til å ta initiativ og ansvar
- kan arbeide strukturert og sjølvstendig
- er utviklingsretta og løysingsorientert
- har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale
- Fleksibel arbeidstid
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Biolog, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Marin, bærekraft, havbruk, fisk, sirkulær økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398874170
- Sist endret