
Studiedirektør - st. nr. 11/2025
Høgskulen i Volda
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Studiedirektør - st. nr. 11/2025
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som studiedirektør.
Studiedirektøren er leiar for Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda, i tillegg til å ha ei strategisk rådgivar- og pådrivarrolle overfor både leiinga ved høgskulen og underliggande einingar. Studiedirektøren rapporterer til høgskuledirektøren og inngår i høgskuledirektøren si leiargruppe.
Studieadministrasjonen har ca. 30 medarbeidarar, og studiedirektørenvil leie eit godt fagmiljø med ansvar for eit breitt arbeidsfelt. Studieadministrasjonen har eit pågåande arbeid med tilpassing av arbeidsprosessar og ansvarsområde.
Studiedirektøren har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene og skal dessutan syte for at Høgskulen i Volda stettar krav og forventningar frå sentrale styresmakter og Høgskulestyret når det gjeld studiekvalitet. Studiedirektøren har ansvaret for å utvikle rammer for god kvalitet ved utdanningane, i samarbeid med dyktige medarbeidarar i Studieadministrasjonen. Stillinga inneber å ha tett dialog med den faglegeleiinga, både sentralt og i avdelingane, for å saman finne løysingar til beste for høgskulen.
Kvalifikasjonar
Vi søker ein utviklingsorientert og strategisk leiar som er god til å bygge relasjonar, har gode kommunikasjonsevner og stimulerer til samarbeid og teambygging.
Du må ha bakgrunn som leiar og erfaring med administrativt arbeid og personalansvar.
Du må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande.
Studiedirektøren førebur saker som skal avgjerast av høgskuledirektøren, rektor eller Høgskulestyret. Du må difor ha gode analytiske evner og vere god til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Administrasjonsspråket ved Høgskulen i Volda er norsk.
Det er ein fordel med kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og/eller offentleg forvaltning.
Det blir lagt stort vekt på personlege eigenskapar. Du er ein engasjert og motiverande leiar som ser løysingar, bygger tillit og gir dei tilsette trygge rammer for utvikling og læring. Du er tydeleg, tek ansvar og har stor gjennomføringsevne. Som studiedirektør må du trivast med eit tidvis stort arbeidspress, tidsfristar og høgt tempo.
Arbeidsstaden er i Volda.
Arbeidsoppgåver
Studiedirektøren har eit breitt ansvarsområde og deltek i både administrativ og fagleg utvikling. Det blir forventa at alle leiarar ved høgskulen bidreg både strategisk og operasjonelt.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- leie og utvikle Studieadministrasjonen og realisere overordna strategiske mål
- økonomi-, personal- og resultatansvar for eiga eining
- ansvar for system for studiekvalitetsaman med rektor og bidrag til ei strategisk utvikling av studieporteføljen
- ansvar for studieadministrative saker, til dømes regelverk, eksamen, opptak, internasjonalisering og studie- og emneplanar
- rådgiving til den øvste leiinga ved høgskulen og dekanane ved avdelingane i saker om studiekvalitet og i prinsippsaker
- utgreiing og sakshandsaming for Høgskulestyret, Utdanningsutvalet, rektor og direktøren ved høgskulen
- sikre effektiv ressursbruk med god kvalitet og sørge for kontinuerleg forbetring av rutinar, prosessar og digitale løysingar
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli endra.
Vi tilbyr
Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spennande og sterkt fagmiljø der det blirlagt til rette for fagleg og personleg utvikling.
Vi tilbyr:
- gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
- eit inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
- ei god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som studiedirektør er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i lønsregulativet til staten.Normal årsløn i denne stillingskoden ved Høgskulen i Volda, stillingskode 1060 avdelingsdirektør, er ca. 900000-1090000kr per år. Det blirtrekt 2% lovbestemt innskoti Statens pensjonskasse av løna som inneber pensjonssparing og risikoforsikring-les meir på www.spk.no (http://www.spk.no/).
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte HR-sjef Odd Reidar Kvalsund (99245841)eller rektor Odd Helge Mjellem Tonheim (97523181) ved Høgskulen i Volda.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (https://www.hivolda.no/)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398874270
- Sist endret