
Bioingeniør
Helse Bergen HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør/Avdelingsingeniør
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervisning. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig ein fast grunnstilling som bioingeniør/avdelingsingeniør og to vikariater på 12 mnd. for bioingeniør/avdelingsingeniør. Den faste stillinga og eit års vikariat er knytt opp mot Seksjon for immunologi. Det andre vikariatet på eit år er knytt opp mot Seksjon for flowcytometri. Alle stillingane er dagstilling med 37.5 timar pr. veke.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Hovudsakeleg ha arbeidsoppgåver knytt opp til dagleg analytisk drift
- På seksjon for Immunologiske analysar vil ein hovudsakleg arbeide med proteinbaserte analysar som m.a. ELISA, immunfluorescens, neflometri, multiplex immunoassay, elektroferese og noko nukleinsyrebaserte analysar
- På seksjon for Immunologiske analysar vil ein også delta i validering av metodar og utstyr
- På Seksjon for flowcytometri vil ein utføre analysar for diagnostisering og monitorering av blod- og beinmargssjukdommar
- Medansvar for instrument og vedlikehald
- Andre oppgåver kan tilkome stillinga
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør/minst bachelor innan molykylærbiologi og eller anna relevant laboratoriefagleg utdanning
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Fordel med kjennskap til seksjonens analysemetodar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og liker varierte arbeidsoppgåver
- Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen du er tilknytta, og avdelinga for øvrig
- Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsbevisst
- Kunna arbeide etter avdelingas kvalitetsmål
Vi tilbyr
- Gode opplæringsprogram
- Faglege utfordringar
- Varierte oppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, avdelingsingeniør, laboratorie, immunologi, transfusjonsmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398912564
- Sist endret