
Sommarjobb på Rygge/Oscarsborg
Forsvarsbygg
- Frist 22.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb på Rygge og Oscarsborg
Forsvarsbygg treng tilsaman 6 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift og vedlikehald som plenklipp, rydding og anna førefallande arbeid.
Vi treng 4 sommarvikarar til Rygge og 2 til Oscarsborg, i perioden mellom mai og september.
Sommarvikarane hos oss vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 12.05.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Førefallande oppåver utandørs, som plenklipping, rydding, maling og anna påkommande arbeid.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Du må vere fylt 18 år
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Du må kunne jobbe minimum 4 veker
- Du må ha førarkort kl. B
- Det er ein fordel at du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskap
- Personar som går yrkesfag oppfordrast til å søke
- Kunnskap om bruk av sitteklippar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 404 900,- i brutto årleg lønn.
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: 1580 Rygge
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Anleggsgartner, Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikar, sesongarbeider, utendørsdrift, sommervikar, gressklipping
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398928823
- Sist endret