Pote-Montør
Potamadre AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bak Poteter med oss i Pota Madre!
Er du på utkikk etter ein sosial, lærerik og gjevande jobb? Hos oss i Pota Madre kan du bli ein del av eit energisk og kjempetrivleg arbeidsmiljø med mykje innhaldsrike arbeidsdagar!
Me er ein nyoppstarta bedrift som spesialiserer oss på store og juicy bakte poteter med spennande og smakfullt fyll. Våre 5 matvogner er allereie godt etablerte på fleire stadar i Vestland, inkludert Odda, Voss Vangen, Eidfjord, Åsane og Voss Skulestadmo. Me er i stadig vekst og søkjer no fleire engasjerte medarbeidarar som vil vera med oss på vegen mot å gjere Pota Madre kjend over heile Noreg – og vidare ut i verda!
Kva ser me etter?
Me ser etter deg som:
Har interesse for matlaging og servering.
Er sosial, utadvendt og trivst med kundekontakt.
Jobbar effektivt og strukturert, anten det er travelt eller roleg.
Er ansvarsfull, påliteleg og klar for ein variert arbeidskvardag.
Set pris på god hygiene og reinhald.
Kva tilbyr vi?
Hos oss får du:
Ein spennande jobb med mykje fart og utfordringar.
Eit godt arbeidsmiljø med knalltrivlege kollegaer.
Moglegheit for utvikling og vekst i ei bedrift med store ambisjonar.
Varierte arbeidsoppgåver med stort rom for kreativitet.
Sjansen til å bli ein del av eit eventyr der vi saman byggjer Pota Madre opp til noko stort!
Korleis søker du?
Dersom dette høyrast ut som noko for deg, vil vi gjerne høyre frå deg! Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du vil jobbe hos oss.
Kontaktinformasjon:
peter.arvidsson@outlook.com
46823766
Bli med på laget – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: 5119 Ulset
- Flere arbeidssteder: Torget 2, 5750 Odda, Vangsgata, 5700 Voss
- Bransje: Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Mat og servering, Produksjon
Nøkkelord
matlaging, poteter, kundeservice, sosialt, mat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399365327
- Sist endret