
Kjøkkensjef / Head chef
HARDANGERFJORD HOTEL AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Unik moglegheit i Hardanger's matfat
Er du vår nye kjøkkensjef?
Me leiter etter ei eldsjel som vil vera med å utvikla hjarta i hotellet vårt; Restaurant Glime. Som kjøkkensjef midt i matfatet Hardanger, brenn du for dei gode smaks- og gjesteopplevingane heilt ned på detaljnivå; ramslaukplukking i skogen, vidareutvikling av mat- og drikkekonseptet, røyking av eigen laks til frukosten, oppfølging av lokale leverandører og ikkje minst arbeidet med velstrukturert å leia eit eige team.
Me ser etter deg som har:
Lokal tilknyting til Hardanger, eller ynskje om å flytte hit
Erfaring frå hotell- og restaurantbransjen, eller anna relevant erfaring
Leiarerfaring og/eller relevant utdanning
Forståing av kva som skapar dei gode matopplevingane
Evne til å sjå verdien i å velja godt handverk, og kvifor dette er avgjerande for gode smaksopplevingar
Kjærleik og omsorg for våre tilsette
Eit bankande hjarte for mat og drykk
Eit brennande ynskje om å jobbe for at Restaurant Glime og våre tilsette ved Hardangerfjord Hotel skal fortsette utviklinga mot å nå sitt beste potensiale: Me kan alltid bli betre!
Om arbeidsgiveren
Hardangerfjord Hotel har fokus på lokalt tilhøyre, og me nyttar lokale råvarer i mat og drikke - det er heilt naturleg når me ligg midt i eit av Noregs beste matfat.
Hotellet er ein del av Fjordtind Hotels, ei lita gruppe hotell langs Hardangerfjorden. Vår mat- og drikkefilosofi er at me skal gje gjestene våre essensen av Hardanger, forsterka gjennom kunnskap og kjærleik.
Hotella i Fjordtind skal styrkja sin posisjon som best på mat og drikke i vårt segment. Fyrst i vår region, deretter i resten av Noreg.
- Sektor: Privat
- Sted: Hardangerfjordvegen 613, 5610 Øystese
- Bransje: Event og arrangementer, Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef, Ledelse, Service/servering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
hotell, mat, kjøkkensjef, ledelse, håndverk
Oversiktsbilde (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399387739
- Sist endret