Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 8.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Klar for ei fast stilling der du vil glede deg til å gå på jobb?
Vi treng fleire sjukepleiarar til Haugesund sjukehus, og kanskje passar akkurat du inn hjå oss? Her får du velje mellom fleire spennande avdelingar – og vi vil gjerne høyre hvilken avdeling som passar for deg!
🚀 Trykk på søk-knappen - vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva slags avdeling passar for deg?
Medisinsk poliklinikk
Likar du varierte dagar og tett samarbeid med legar?
Poliklinikk med arbeid kvar 4. helg på sengepost hemato, endo, infeksjon.
Her jobbar legar, sjukepleiarar, merkantile og fotterapeut i tett samarbeid. Du får ein variert kvardag med arbeid innan medisinsk dagbehandling og medisinske undersøkingar. Du vil assistere legar ved sterile prosedyrer innan ulike fag, og få god opplæring saman med sjukepleiarane i avdelinga.Eldremedisinsk post & alderspsykiatri
Brenn du for god eldreomsorg og eit godt lagspel?
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø prega av glede og tverrfagleg samarbeid. Du og pasienten blir sett og høyrd. Du får moglegheit til kompetansebygging og tverrfagleg læring, og møter ei brei pasientgruppe med behov for alderspsykiatrisk kompetanse.Gastrokirurgisk/urologisk post
Klar for høgt tempo og meiningsfylt arbeid?
Vi har både planlagde og akutte innleggingar, og du får fleksibel turnus – vel mellom vanlege vakter eller langvakter med lønskompensasjon eller redusert helgearbeid. Hos oss legg vi til rette for fagleg utvikling med fagdagar og simulering i turnus.Bemanningssenteret
Likar du variasjon der ingen arbeidsdagar er heilt like?
Her får du fleire arbeidsmiljø på tvers av avdelingar og klinikkar. Du vel sjølv kva avdelingar du vil jobbe på og kva arbeidsplan som passar deg. Du kan kombinere arbeid på sengepost og poliklinikk og byggje ditt eige kompetansefelt. Du får moglegheit til å følgje pasienten gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du har norsk autorisasjon innan våren/sommaren 2025
- Du har godt humør og likar å samarbeide
- Du ser kva som må gjerast – og bidreg der det trengst
- Du snakkar og skriv godt norsk (B2 for dei med anna morsmål)
- Erfaring er flott, men ikkje eit krav!
Kvifor velje oss?
Jo, fordi vi har:
- God opplæring og støttande kollegaer
- Fagleg utvikling i ulike retningar. Du vil utvikle deg innan ulike område av sjukepleiefaget.
- Arbeidsmiljø med humor, varme og samarbeid
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjukepleiar, Fast, Fleksibel, Bemanningssenter, Haugesund
Eldremedisinsk post & alderspsykiatri (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399455616
- Sist endret