QA Supervisor & Project Controller
Marlink AS - Stord
- Frist Søknadar vert vurdert fortløpande
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeida med prosjektstyring, økonomi og kvalitet?
Kva treng me?
Kvalitet og framdrift. Me treng ein person som likar å ha orden i sysakene, gode verktøy og arbeidsprosessar og at ting blir gjort, og fakturert som planlagt. I tillegg treng me at same personen er glad i prosessar og system som sikrar god kvalitet. Med andre ord: Ei potet av ein person som er både kremmar og petimeter. Og, som om ikkje det var krevjande nok, ha pågangsmot når endringar og nye oppgåver kjem med tida. Gode leveransar av IT prosjekta våre resulterer i fornøgde kundar, fornøgde tilsette og fornøgde finansdirektørar.
Kven er me?
Me er ein global leiar innan kommunikasjon, med eiga spesialisering i satellittkommunikasjon. Frå Stord utviklar og driftar me vår eigen MSP løysning, ITLink. for drift av IT system til maritime kundar, men Marlink er aktive i mange andre bransjar òg. Med over 1500 tilsette i meir enn 30 land, dyrkar me eit miljø av utvikling, kvalitet og kulturelt mangfald. Me elskar samarbeid, og har alltid ei open dør for nye idear - det betyr at du vil ha gode moglegheiter til å skina.
Kva går jobben ut på?
Som «QA Supervisor & Project Controller» vil du:
- Leia og koordinera kvalitetskontroll-aktivitetar i våre IT prosjekt for kundane våre.
- Vedlikehalda og sjekka kvalitetssystem og -dokumentasjon.
- Arbeida saman med tverrfaglege team for å kvalitetssikra at prosjektgjennomføring.
- Halda kommunikasjonen flytande mellom alle prosjektmedlemmar.
- Styring og kontroll av prosjektbudsjetter og økonomi.
Kven er du?
Me ser etter deg som har, om ikkje alle, så fleire av desse eigenskapane:
- Gode samarbeidsevner og evne til å ta ei avgjersle når det trengs.
- Økonomisk forståing, og gjerne med formell kompetanse innan finans og prosjektleiing
- Erfaring frå arbeidsliv, gjerne frå IT-verda og internasjonalt miljø
- Teknisk interesse og kompetanse innan Microsoft og Windows
- Interesse for dokumentasjon og prosessar som gode verktøy i dagleg arbeid
- Evnen til å arbeida under press utan å miste humøret.
- Erfaring frå arbeid med verktøy innan Microsoft 365 portefølje
- Utdanning. Det kan vera relevant med så mangt, akkurat som jobben me tilbyr.
Kvifor Marlink?
«What’s in it for me?” spør du. Me tilbyr:
- Ein arbeidsplass som byr på sterkt samhald og variasjon i oppgåver.
- Fleksible hybride arbeidsordningar med heimekontor. Gode ferieordningar.
- Løn med AFP ordning etter avtale, og med resultatbasert bonus.
- Helseforsikring og privat legeteneste.
- Engasjement i innovative prosjekt og støttande arbeidskultur.
- Deltaking i sosiale arrangement og aktivitetar– her er me på Stord best i klassen.
- Referansar vert oppgitt på førespurnad.
Kitla det litt i magen når du les denne annonsen? Søk i dag for å bli ein del av vår kjekke gjeng på Stord. Her er arbeidsglede lika viktig som ei god internett-linje. Og det seier ikkje så lite.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Maritim og offshore, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kvalitetssikring, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Microsoft, Administrator, Økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399461888
- Sist endret