
Stipendiat
Helse Bergen HF
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Stipendiat
Ved Kreftklinikken på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til prosjektet “Network in adaptive radiotherapy for novel treatment strategies” (ART-FORSEE). ART-FORSEE er ei forskingssatsing innan adaptiv stråleterapi i Vest-Noreg. Prosjektet rettar seg særleg mot adaptiv stråleterapi ved protonterapi og palliativ strålebehandling og omfattar både metodeutvikling, implementering og evaluering av adaptiv stråleterapi som behandlingsstrategi. Utvikling av kliniske studiedesign for å evaluere effekten av adaptiv stråleterapi, samt bruk av automatiserte og AI-baserte metodar for betre ressursbruk, vil vere ein sentral del av prosjektet.
Kandidaten vert tilsett ved Kreftklinikken ved HUS og må søkje opptak til doktorgradsutdanninga ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen. Arbeidet vil skje i eit tverrfagleg forskingsmiljø med stort potensial for påverknad og internasjonal synlegheit.
Stillinga er i utgangspunktet 100% over tre år, men delar av stipendperioden kan takast ut som ei 50% stilling kombinert med klinisk arbeid.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er hovudsakleg knytt til adaptiv protonterapi av lungekreft og relaterer seg til ei planlagd nasjonal klinisk studie. Formålet er å undersøkje om bruk av protonterapi kan auke stråledose og dermed gi betre lokal kontroll, gitt at behandlinga er trygg å gjennomføre. Kandidaten vil først arbeide med retrospektive data og simuleringar for å finne optimale metodar for å gjennomføre behandlinga ved hjelp av adaptiv stråleterapi. Deretter er det planlagd ein klinisk fase I-studie for å evaluere tryggleik og moglegheita for å auke lokal kontroll. Det er planlagd at kandidaten skal delta både i gjennomføringa av studien og i analysen av studiens endepunkt. Vidare vil kandidaten få anledning til å involvere seg i andre studiar i ART-FORSEE.
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk
- God kjennskap til norsk helsevesen
- Klinisk erfaring innan onkologi, strålebehandling av lungekreft og stråleterapi er positivt
- Kompetanse innan kliniske studiar og forsking er ein fordel
Personlege eigenskapar
Ved vurdering av søknader vil det bli lagt vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre både forskarutdanninga og forskingsprosjektet. Vi søkjer ein kandidat som:
- Har stor interesse og motivasjon for forsking
- Er strukturert, sjølvstendig og har stor gjennomføringsevne
- Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes
- Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit tverrfagleg akademisk miljø
- Eit lokalt nettverk som støttar implementeringa av utvikla metodar
- Moglegheiter for samarbeid med veletablerte internasjonale forskingsgrupper innan stråleterapi
- Lønn etter gjeldande satsar
- Pensjonsordning i KLP
Søknaden må innehalde:
- Søknadsbrev på maksimalt ei side som skildrar relevant ekspertise for prosjektet, forskingsinteresser og motivasjon for å søkje
- Curriculum Vitae (samandrag av utdanning, arbeidserfaring og akademisk arbeid)
- Publikasjonsliste for dei siste fem åra
- Vitnemål
- Namn og kontaktinformasjon til referansar (namn, relasjon til søkjaren, e-post og telefonnummer)
Merk at alle dokument skal vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. I samsvar med den norske offentleglova kan informasjon om søkjaren bli inkludert i den offentlege søkjarlista, også i tilfelle der søkjaren har bede om konfidensialitet.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
stipendiat, kreftklinikken, onkologi, strålebehandling av lungekreft, lungekreft og stråleterapi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399563624
- Sist endret