Platform Engineer
HIGHSOFT AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Platform Engineer – Bli med på å byggje vår neste generasjons plattform!
Lengtar du etter å byggje noko nytt – frå botnen av – og faktisk ha påverknadskraft
Hjå Highsoft får du moglegheita til å forme, byggje og optimalisere plattformer med dei nyaste skybaserte teknologiane. Vi er eit selskap med lidenskap for datavisualisering og universell utforming (A11Y) – og med Highcharts har vi allereie sett vårt preg på verda. No satsar vi for fullt på ei framtidsretta infrastruktur, og vi treng ein Platform Engineer som kan vere arkitekten bak ei stabil, fleksibel og moderne plattform.
Kanskje sit du med gamal teknisk gjeld eller flikker på utdaterte system? Her får du bruke erfaringa di til å ta tekniske avgjerder som faktisk betyr noko – og byggje ei plattform der utviklarane kan jobbe uforstyrra, medan systema våre køyrer som ein draum. (Jada, vi veit vi byggjer morgondagens tekniske gjeld – men det tek vi stilling til i framtida/seinare)
Er du klar for å byggje noko skikkeleg bra? Då er dette di moglegheit! 🚀
Kva går jobben ut på?
💻 Techstack: Docker, Kubernetes, Terraform, AWS, Cloudflare, ArgoCD, Grafana, Prometheus, Envoy, Kyverno
Drifte og vidareutvikle ei plattform som skalerer etter behova til utviklingsteamet 🚀
Automatisere alt frå oppsett av infrastruktur til utrulling, overvaking og varsling 🤖
Sikre stabilitet, oppetid og kvalitet i leveranse – for ingen likar nedetid (verken brukarar eller utviklarar)! 🔍
Overvake og optimalisere AWS og Cloudflare for å sikre at produkta våre køyrer smooth 🌍
Samarbeide tett med utviklarar og eksterne leverandørar for å sikre ei robust, trygg og fleksibel plattform 🤝
Alltid ha tryggleik i bakhovudet – proaktivt arbeid med cybersikkerheit; verne systema våre mot truslar og sikre at data og tenester er trygge 🔒
Ta tekniske avgjerder og forme arkitekturen for plattformen vår – vi stolar på at du veit kva du gjer! 🔧
Kven er du?
Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø – kort sagt, du er ein triveleg kollega folk likar å jobbe med!
Du har erfaring med containerar og orkestrering (Docker, Kubernetes), og har gjerne kontroll på infrastruktur som kode (Terraform).
Du veit korleis ein får det beste ut av AWS og Cloudflare.
Du likar å byggje ting som berre funkar – du likar system som er ryddige, effektive og enkle å vedlikehalde.
Du balanserer tryggleik, kostnader og yting – alltid på jakt etter den optimale løysinga.
Du er nysgjerrig på ny teknologi og elskar å eksperimentere med nye metodar og verktøy.
Du tek grep før ein liten glitch blir ei fullblown produksjonskrise.
Kva får du hjå oss?
I Highsoft jobbar du i eit miljø prega av samarbeid og raske avgjerder, omgitt av dyktige kollegaer som brenn for faget sitt. Her får du ein unik kombinasjon av global innverknad og lokal sjarm:
🌟 Arbeid med ein spennande techstack i eit selskap i vekst.
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø.
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag – vi trur på friheit under ansvar.
🎯 Ein arbeidsplass med uformell tone – dartkampar og fjellturar inkludert!
🚀 Kort veg frå idé til handling.
Høyrest dette ut som ein plass for deg?
Jobb frå hovudkontoret vårt i vakre Vik i Sogn (eller i Sogndal), eller frå tech huben på Media City Bergen.
Send oss ein søknad, eller ta gjerne kontakt for ein uformell prat om du vil høyre meir om stillinga – vi likar folk som tek initiativ!
Bli med og bygg plattforma som skal ta Highsoft til neste nivå! 🚀
Vi vurderer søkjarar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden din.
(Absolutt siste frist er 26. april).
Om arbeidsgiveren
Vi er et selskap med røtter i Vik i Sogn, mellom høye fjell og dype fjorder. Likevel er vi markedsledende innen datavisualisering på nett, med over 80 av verdens største selskaper som kunder.
Vi lager Highcharts – verktøyet som forvandler tall og data til kule, interaktive grafer som faktisk gir mening. Enten det er på børser, nyhetsnettsteder eller dashboardet til en global gigant, så er det stor sjanse for at det er vi som står bak visualiseringen.
Eventyret startet i 2009 med Torstein, som ville vise snødybden på Vikjafjellet på hjemmesiden sin. Nå er Highcharts i bruk verden over, og vi fortsetter å utvikle oss – med utsikt til fjorden og en kaffekopp i hånda.
Vi er en god gjeng bestående av rundt 50 Highsoftere fra 14 land, og i tillegg til hovedkontoret i Vik har vi også tilhold i tech-huben Media City Bergen – midt i smørøyet for teknologi og innovasjon.
Hos oss finner du flat struktur, høy takhøyde og mye latter – enten det er rundt dartskiven, på fjelltur eller over en kaffe i Stova. Vi tror på samarbeid, kvalitet og åpenhet – og at trivsel gir bedre resultater.
Men vi bryr oss om mer enn bare teknologi. Highsoft er Miljøfyrtårn-sertifisert, vi er med i FNs Global Compact, og vi jobber aktivt med å bidra til FNs bærekraftsmål.
Alle våre verktøy er også bygget med universell utforming (A11Y) – fordi vi mener at alle, uansett bakgrunn eller forutsetninger, skal kunne forstå og bruke dataene.
Så ja – vi lager noen av verdens mest brukte grafverktøy, og vi gjør det med hjertet, hodet og utsikt til fjell og fjord 💫
- Sektor: Privat
- Sted: Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, IT - maskinvare, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Database, Drift/Operations, IT-sikkerhet
- Arbeidsspråk: Engelsk, Norsk
Nøkkelord
plattform engineer, DevOps, drift, cybersikkerhet, kubernetes
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399733770
- Sist endret