Ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar
Kirkejobb
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar
Gloppen kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som kantor/kyrkjemusikar for snarleg tilsetting.
Vi søkjer etter ein engasjert og kreativ kyrkjemusikar som kan vidareføre og utvikle det musikalske arbeidet som kyrkja driv og har eit naturleg ansvar for, slik som gudstenester og kyrkjelege handlingar, samt kor og konsertverksemd.
Stillinga vil inngå i stabsfellesskap med kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, organist, administrasjonssekretær og to prestar. Det blir halde regelmessige stabsmøte. Kontor i lyse nye kontorlokale.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av forordna gudstenester og andre gudstenester fastsett i kyrkjelyden sin gudstenesteplan, i samarbeid med prest og staben.
- Leie og koordinere kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelyden innanfor ramma av dei planar og prioriteringar som er fastsett av sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.
- Medverke i arbeidet med kyrkjeleg undervisning.
- Samarbeid med tilsette og frivillige om kyrkjelydsbyggande verksemd.
- Korleiing i regi av kyrkja
- Vedlikehalde kontakt med musikkmiljøet i Gloppen og med lokale utøvarar.
- Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument.
- Delta i stabsmøter.
- Øvrige arbeidsoppgåver avtalast i samarbeid med leiar innanfor ramma av stillinga og ut frå kyrkjelyden sine behov.
Kvalifikasjonar
- Godkjent kyrkjemusikalsk utdanning i samsvar med tenesteordning for kantor
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert
- Allsidigheit i musikalsk uttrykksform og stilartar
- Erfaring med gudstenestepraksis i Den norske kyrkja
- Erfaring med korverksemd.
- Søkjar må kunne disponere bil
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar som vil bli spesielt vektlagt av fellesrådet
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibilitet blir tillagt stor vekt
- Kontaktskapande
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Engasjement for livet på gudstenestene- og i kyrkjelydane.
- Pågangsmot, kreativitet og fleksibilitet.
Andre opplysningar.
- Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Det må leggjast fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med Trossamfunnslova §20 før tilsetjing.
- Kvelds- og helgearbeid er ein sjølvsagt del av stillinga.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Det vil bli lagt opp til prøvespeling.
- Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev.
- Løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor.
Om arbeidsgiveren
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399785881
- Sist endret