
Einingsleiar Hospitaldrift Matforsyning
Helse Bergen HF
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar Hospitaldrift Matforsyning
Er du ein strategisk, engasjert og handlekraftig leiar som trivst med å leie ei avdeling med eit godt fungerande leiarteam? Har du eit blikk for heilskapen, evne til å ta strategiske avgjerder og evne til å utvikle framtidas matforsyning? Då kan du vere den vi leitar etter!
Om oss
Hospitaldrift er avdelinga som leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus og andre einingar i Helse Bergen. Vi har 815 medarbeidarar fordelt på 8 einingar.
Matforsyning er ei av desse einingane, med hovudansvar for produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette. Vi driftar eit av Noregs største produksjonskjøkken og leverer om lag 3 000 måltid dagleg. Matforsyning har fem seksjonar og 166 tilsette.
No søker vi ein einingsleiar som kan vidareutvikle Matforsyning og sikre eit framtidsretta og innovativt mattilbod i sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle Matforsyning i tråd med sjukehuset sine behov og strategiar
- Sikre ein effektiv, lønnsam og serviceorientert drift med høg kvalitet og pasientsikkerheit
- Vidareutvikle mattilbodet, med fokus på mat som medisin, spesialkost og allergihandtering
- Bidra til ei effektiv, lønnsam og serviceorientert drift
- Bygge gode relasjonar internt og eksternt, og samarbeide tett med klinisk drift
- Formidle og implementere nye løysingar og prosessar
- Vere ein tydeleg og motiverande leiar som samlar medarbeidarane og skapar engasjement
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning, gjerne innan leiing, økonomi, matproduksjon eller ernæring
- Erfaring med leiaransvar for større einingar
- Erfaring med å leie leiarar og drive strategisk utviklingsarbeid
- Evne til å sjå heilskapen, ta strategiske avgjerder og drive innovasjon
- Kjennskap til storkjøkkendrift, næringsmiddel og relevante forskrifter
- Kjennskap til mat som medisin og ernæringa si betyding i helsesektoren
Personlege eigenskapar
- Strategisk og handlekraftig – evner å sjå det store biletet og ta avgjerder som sikrar utvikling og kvalitet
- Tydeleg leiar som bygger kultur og motiverer gjennom samarbeid og involvering
- Innovativ og nytenkande – ser moglegheiter og driv utvikling
- God på relasjonsbygging og samarbeid på tvers av fagfelt
- Strukturert og resultatorientert med evne til å handtere høgt tempo og komplekse prosessar
- Dyktig formidlar som skapar forståing, engasjement og gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit av landets største sjukehus.
- Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas matforsyning.
- Eit breitt samansett fagmiljø med kompetente kollegaer.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Lønn etter avtale.
Er dette deg? Søk no!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Matforsyning, Leder, Hospitaldrift, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399880161
- Sist endret