Jordmor
Helse Fonna HF
- Frist 13.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye jordmor?
Vi har no ledig fast stilling som jordmor!
Føde/barsel i Haugesund er ei kombinert føde og barselavdeling som har ca 1350 fødsler i året. Vi er klassifisert som kvinneklinikk og har risikofødslar frå heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
Avdelinga har eit høgt fagleg nivå og eit godt tverrfagleg miljø. Vi er opptatt av å gjere kvarandre gode og derfor har vi fokus på fagleg og personleg utvikling.
I stillinga som jordmor inngår arbeid kvar tredje helg og tredelt turnus.
Dersom du er interessert i mindre stillingsprosent kan det også være aktuelt. Vi har også ledig helgestilling, arbeid kvar tredje helg.
Som jordmor hos oss vil du få ein variert arbeidsdag i ei triveleg avdeling. Er du ein person som trivs med felksibilitet, ein aktiv arbeidsdag og vilje til å sette deg inn i andre sine ønsker og behov, då ønskjer vi at du søker stilling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Vi selekterer med tanke på normal- og risikofødslar i avdelinga
- Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar, samarbeid med gynekolog ved risikofødslar. Vi har òg eit samarbeid i forhold til gynekologiske pasientar
- Studentrettleiing er ei naturleg oppgåve i avdelinga, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må ha norsk autorisasjon som jordmor
- Bør ha relevant oppdatert erfaring som jordmor ved fødeavdeling
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du er:
- strukturert
- pasientorientert
- sjølvstendig
- har gode kommunikasjonsevner
- fleksibel
- trivst med å jobba i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivs-befrift ( IA bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jordmor, føden, helse, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399898457
- Sist endret