
Elektromontør Gr.L
Kvam Elektro AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som elektrikar
Er du ein dyktig og serviceinnstilt elektrikar som set pris på varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av laget vårt!
Arbeidsoppgåver:Stillinga omfattar elektriske installasjonar og arbeid med sterk- og svakstraum i bustader, hytter og industribygg. Du kjem til å jobba både sjølvstendig og saman med andre, på både små og store prosjekt.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:Fagbrev som elektromontør Gr. L
Førarkort klasse B
Erfaring frå bransjen er ein fordel
Serviceinnstilt og påliteleg
Jobbar godt både åleine og i lag med andre
Snakkar og skriv flytande norsk
Konkurransedyktige lønsvilkår
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Eit godt og sosialt arbeidsmiljø
Firmabil
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn ein søknad – me gledar oss til å høyra frå deg!
Om arbeidsgiveren
Kvam Elektro vart i 1975 etablert av Øystein Laupsa. Sidan det har bedrifta vore ei velkjend elektrobedrift blandt dei lokale i kvam og omegn. Sidan 1995 har bedrifta vore medlem i elfag, og etterkvart butikk-kjeda power. Med 110 medlemsbedrifter over heile landet er Elfag ein av Norges mest kjente elektrikerkjeder. I dag er det Tormod Laupsa som er dagleg leiar for bedrifta.
Som elfag-medlem ynskjer våre elektrikarar alltid å finne dei beste løysingane for våre kundar, og har stolthet i å opptre pålitelig og ryddig. Me garanterer kvalitet på vårt arbeid, materiell og utstyr i 5 år. Power Norge er ein av dei største aktørane innan forbrukarelektronikk her til lands.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Hardangerfjordvegen 642, 5610 Øystese
- Bransje: Bygg og anlegg, Håndverkstjenester, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kvam, elektrikar, elektrikerstilling, fagbrev elektrikar, montør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399900269
- Sist endret