Fagressurs preanalytisk
Helse Fonna HF
- Frist 20.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagressurs preanalytisk
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar til ei fast fulltidsstilling på dagtid måndag til fredag. Helsesekretær eller bioingeniør med norsk autorisasjon som kunne tenkje seg å bidra og vere ein del av eit fagmiljø i kontinuerleg utvikling er særs aktuelle.
Medisinsk mikrobiologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Laboratoriet vårt ligg flott til i den nye sørvestblokka med storslagen utsikt over Smedasundet og havet i vest. Avdelinga vår har teke i bruk ny avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar. Vi er i stadig utvikling.
Du blir ein del av et motivert og dyktig team, med eit svært godt arbeidsmiljø og tett samarbeid. Hos oss verdsetjer vi sosiale samankomster, og arrangerer blant anna årlig julebord og hyppige sosiale aktivitetar.
Høyres dette interessant ut? Da vil vi gjerne høyre fra deg. Det blir kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriets rutinearbeid og oppgåver tilknytt prøvehandtering og pre-analytisk verksemd (inkludert blodprøvetaking)
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
- Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsesekretær eller bioingeniør med norsk autorisasjon
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring med blodprøvetaking er særs ønskeleg
- Kunnskap og erfaring i bruk av generelle IKT-verktøy, digitale løysingar og automasjonar nytta i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel
- Kompetanse og erfaring innan mikrobiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- er punktleg og påliteleg
- har gode samarbeidsevner
- er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- tilpassar deg lett, er løysningsorientert, lærevillig og fleksibel
- trivst i eit tverrfagleg miljø
- toler å stå i krevjande situasjonar og meistrar høgt tempo
- bidreg positivt til eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskap og vilje til å ta ansvar
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit trivelig og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Biolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, helsesekretær, fagressurs, preanalytisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399914353
- Sist endret