Miljøterapeut Dysjaland SFO/Dysjaland skule
Sola kommune
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut ved Dysjaland SFO og Dysjaland skule
Dysjaland skule søkjer etter ein miljøterapeut i 100 % fast stilling frå 01.08.25. Stillinga vil bli kombinert mellom SFO 60% og skule 40% og vil då bli lønnet i 100 %. I skulen sin ferie vil du jobbe på SFO og arbeidstida kan bli noko annleis. SFO er sommarstengd heile juli, største delen av ferieavviklinga vil bli i dette tidsrommet. Uttak av siste ferieveka vert etter avtala med leiar.
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune. Skulen ligg i eit roleg og landleg område. Vi har eit funksjonelt og nytt uteområde med flotte idrettsanlegg som stor idrettshall, symjehall, kunstgressbane og ballbinge i tilknytning til skulen. Det er og mange flotte turområde i nærleiken av skulen.
Skuleåret 2025/26 har skulen eit elevtal på omlag 420 elevar. I det vaksne miljøet er det omlag 60 tilsette, inkludert avdelingsleiar på SFO og assistentar. På skulen sin SFO deltek omlag 100 born. Skulen har nynorsk som offisiell språkform, men vi har bokmålsklassar på dei fleste trinna.
Visjonen vår, Klok og Glad, representerer skulekulturen vår med fokus på kompetanse, sosioemosjonell meistring og skulemiljø. Skulen sine satsingsområder er trygt og godt skolemiljø, vurdering for læring og implementering av ny fagplan. I begynneropplæringa driv skulen med leikbasert læring, og er i vidareutvikling innafor dette området. I læringsfellesskapet arbeider vi med å utvikla ein praksis som skal vera meir praktisk og variert. Skulen satsar på lesing i opplæringa frå 1. - 10. trinn, i denne satsinga er skulebiblioteket eit viktig moment for elevar og ansette.
Intervjuer vil skje fortløpande.
Leiinga består av rektor, 3 inspektørar, SFO leiar og saksbehandlar.
Arbeidsoppgåver
Som miljøarbeidar på Dysjaland SFO/skule vil oppgåvene inkludere, men ikkje vere uttømmande ut frå om arbeidstida er lagt til SFO eller skulen:
SFO:
- Følgje opp elevgrupper og/eller einskilde elevar etter behov
- Planleggje og tilretteleggje for kjekke aktivitetar
- Følgje opp daglege rutinar
- Samarbeide med kollegaer og føresette
- Tilpasse aktivitetar til det einskilde barnet
Skule:
- Tett oppfølging av einskild elevar
- Arbeid i laget rundt einskild elevar
- Leia arbeidet i laget rundt eleven
- Planarbeid og delta i skulen sitt ressurslag
- Utviklingsarbeid
- Arbeid og støtte i klassefellesskapet
- Ein person som syner omsorg og kan leggje tilrette for ein aktiv og sosial kvardag
Kvalifikasjonar
- Du har 3-årig utdanning innan omsorgsarbeid
- Du må ha erfaring med å arbeide med barn med spesielle behov
- Det er ønskjeleg at du har erfaring med traumebevisst omsorg
- Personleg eignetheit og erfaring vert vektlagt
- Erfaring frå SFO/skule vert vektlagt
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir). Sjå også godkjenning av utdanning frå utlandet https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Lojalitet
- God evne til å skapa gode og trygge relasjonar til barn og vaksne
- Du må kunne arbeida både individuelt og i team, vera løysningsorientert og fleksibel
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sola kommune har ulike velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Medlemskap i for tida KLP
- Løn i samsvar med lokal lønspolitikk
- Stillingar med krav om 3-årig utdanning: kr 507 400 - kr 598 900
Tilsetjing skjer på dei vilkåra og pliktene som går fram av utlysinga og dei lovene, reglementa og tariffavtalane som til ei kvar tid gjeld.
Om arbeidsgiveren
Sola kommune er en mellomstor kommune med 29 000 innbyggere og rundt 2 000 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For stillinger som arbeider med barn og for ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Skoleassistent, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400038489
- Sist endret