UndervisningsInspektør
Sula kommune
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsinspektør
Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog og skuleleiar med høge ambisjonar på elevane sine vegne?
Solevåg skule søkjer ein engasjert og dyktig inspektør til teamet vårt. Som inspektør vil du ha ei viktig rolle i skulen si leiing, i arbeidet med å sikre eit trygt og stimulerande læringsmiljø for elevane våre.
Solevåg har om lag 200 elevar på 1.-7. trinn og SFO. Skulen ligg idyllisk til, i tilknyting til Solevågshallen på Eidsnes. Skulen sin visjon er «Med syn for alle».
Vi søker no inspektør i 100% stilling frå 1.august 2025.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i skulen si leiargruppe
- Handtere administrative og leiaroppgåver knytt til skulen si drift
- Rettleie og støtte tilsette i deira arbeid
- Bidra til utvikling og implementering av planverk
- Samarbeide med lærarar, foreldre og andre i laget rundt i eit lærande fellesskap på skulen og SFO
- Samarbeide med barnehagar og ungdomsskule i overgangar
- Timeplanarbeid og vikarordning
- Delar av stillinga inneber undervisning
- Andre oppgåver kan verte tillagt
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse
- Skuleleiarutdanning og erfaring frå skuleleiing er ønskeleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Engasjert i og ein pådrivar for skolen sitt utviklingsarbeid
- Fleksibel og trivst i eit hektisk miljø
Personlege eigenskapar
- Leiareigenskapar med evne til å inspirere og motivere andre
- Høg grad av integritet og profesjonalitet
- Vilje til omstilling og omstillingsarbeid, og generelt fleksibel i arbeidskvardagen
- Gode problemløysingsevner og evne til å ta raske avgjerder
- Strukturert og god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Gode kollegaer som du kan støtte deg på i kvardagen
- Ei spennande og utviklande leiarstilling
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff
- Gratis parkering
Om arbeidsgiveren
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solavågseidet 57, 6037 Eidsnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Inspektør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
undervisningsinspektør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400047915
- Sist endret