
Dagleg leiar - Klepp frivilligsentral - vikariat
Klepp kommune
- Frist 08.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Dagleg leiar - Klepp frivilligsentral - vikariat
Klepp frivilligsentral held i dag til i Fredheimbygget på Kleppe og driv eit omfattande og variert arbeid, basert på frivillig innsats. Me søkjer no etter ein vikar som dagleg leiar med hjarte og engasjement for frivillig arbeid.
Frivilligsentralen er ein møteplass for frivillig arbeid, og dagleg leiar skal leia personalgruppa, og stimulera til rekruttering, kvalitet og utvikling, koordinera og følgje opp det frivillige arbeidet i sentralen. Det er i dag 6 tilsette ved sentralen (faste og midlertidige). Me føreset at den som blir tilsett kan visa til gode resultat frå leiing av tilsette, har utprega evner som lagleiar, inspirator og samarbeidspartnar.
Klepp frivilligsentral driv i dag omkring 50 ulike tiltak, prosjekt, gruppetilbod og ordningar for folk i alle aldrar, og arbeider i tillegg for å rekruttera frivillige til andre samarbeidande organisasjonar og verksemder. Omkring 450 personar deltar som frivillige gjennom sentralen.
Sentralen nyttar i dag blant anna følgjande digitale program: Teams, Public, Visma, Canva, Invi, i tillegg til diverse sosiale media der publisering av nyhende, eigenlagde videosnuttar m.m. er sentralt. Me føreset at den som blir tilsett har digitale i på eit slikt nivå og raskt kan tileigna seg, bli operativ og sjølvhjulpen på desse programma og plattformane.
Frivilligsentralen skal flytta inn i det nye kulturhuset PLOGEN, og samlokaliserast med ungdomskultursenter, bibliotek og kulturskule m.fl. når nytt kommunehus vil stå klart i slutten av 2026. Den som blir tilsett i vikariatet vil bli involvert i førebuings- og utviklingsprosessen knytt til dette.
Frivilligsentralen sine nettsider: https://klepp.frivilligsentral.no/
Arbeidsoppgåver
Rekruttering, oppfølging og tilrettelegging for frivillige; grupper, tiltak og prosjekt som frivilligsentralen driv, eller deltar i.Rådgjeving, veiledning, inspirasjon, støtte og samarbeid i samband med frivillig arbeid.
Prosjektsøknader, oppfølging, rapportering, evaluering.
Personalleiing og økonomioppfølging m.m.
Informasjonsarbeid, sosiale media, nettsider m.m.
Oppfølging av oppgåver og tiltak knytt til kommunen sin plan for frivilligheit.
Anna.
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig relevant høgskole-/ universitetsutdanning
Gode kontakt- kommunikasjons og samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Utprega digitale ferdigheiter og kunnskapar.
Ønskja kvalifikasjonar:
Gode resultat frå tidlegare leiararbeid. Utprega leiarferdigheiter
Brei erfaring og kunnskap frå frivillig arbeid/ organisasjonsliv anten i samband med frivillige verv eller som tilsett
Evne til raskt å setje seg inn i og tileigne seg ny kunnskap og arbeidsmetodar
Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar
Lokalkunnskap
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Genuint engasjement for frivillig arbeidUtprega gode leiareigenskaper
Vera ei samlande og drivande kraft både i personalgruppa, overfor frivillige og ulike samarbeidspartnarar
Evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta
Fleksibel, tilpassingsdyktig og løysningsorientert.
Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
Systematisk, målretta, ordentleg og ryddig,
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
Spanande, allsidige, utfordrande arbeidsoppgåver
Spanande arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
Fleksibel arbeidstidsordning
Ulike velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter kvalifikasjonar
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga og dei, til ei kvar tid, gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.
Nærare opplysningar:
Dagleg leiar, Klepp Frivilligsentral, Ann Kristin N Hatletvedt, telefon 90 08 74 72.
Kultursjef Ulf Ludvigsen, telefon 99 44 48 29
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fredheimsvegen, 4350 Kleppe
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Daglig leder, Fritidsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400048690
- Sist endret