
Sommarjobb innan renhald på Høybuktmoen
Forsvarsbygg
- Frist 22.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb innen renhald på Høybuktmoen
I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter engasjerte, flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar.
Vi søker totalt 5 sommarvikarar som skal jobbe med dagleg og periodisk reinhald av bygga våre i perioden veke 26-32.
Vi ber deg oppgi i søknaden kva periode du kan jobbe i.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-4 veker i den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
- Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar.
Vidare er du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2025
- Du må ha allmenn god helse og fysikk
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 282 700,- - kr. 404 900,- i brutto årleg lønn.Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: 9912 Hesseng
- Bransje: Bygg og anlegg, Forsvar og militær, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikar, feriejobb, sommervikar, renhold, vask
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400070190
- Sist endret