
Integrasjonsarkitekt
Helse Vest IKT
- Frist 27.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Integrasjonsarkitekt
Har du lyst til å gjere ein forskjell? Vil du vere ein bidragsytar til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Då er det deg vi leitar etter.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det samla ansvaret for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 38 dyktige medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Om stillinga
Du vil inngå i eit team med 14 arkitektar og utviklarar. Saman vil de ha direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at løysingane har god kvalitet. Samstundes skal dei tole den raske teknologiutviklinga og ivareta ein heilskapleg arkitektur. Du vil ha ei breikontaktflate med mange interessentar, til dømes leiarar og helsepersonell,arkitektar, systemforvaltarar og teknisk personell hos leverandørar.
Arbeidsstad vil vere i Bergen, Haugesund eller Stavanger. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Forvalte integrasjonsarkitekturen til Helse Vest
- Vere rådgjevar for både klinisk og teknisk personell
- Utarbeide kravspesifikasjonar for integrasjonsløysingar
- Bidra i utvikling av den regionale integrasjonsplattforma
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis teknisk. Arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med og interesse for:
- Arkitekturarbeid og prosjektarbeid i større organisasjonar
- Utarbeide kravspesifikasjonar
- Standardar innan autentisering og autorisasjon (til dømes eIDAS Høy, FIDO2, OAuth 2.0 og HelseID)
- Integrasjonsteknologi og standardar (til dømes XML, REST, Azure Integration Services og HL7 FHIR)M
- Modelleringsspråk (Archimate, UML, eller liknande)
Du kan gjerne ha lang og brei erfaring, eller du er nyutdanna med relevant utdanning.
I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg sjølv att i følgjande:
- Nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap
- Er lyttande, analytisk og strukturert
- Har gode relasjonelle eigenskapar og er ein lagspelar
- Er oppteken av kvalitet og robuste løysingar
- Snakkar godt med alle typar menneske, uavhengig av stilling eller rolle
- Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har variert utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Innovasjonspark Stavanger Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arkitektur, Løsningsarkitekt, Volere
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400095112
- Sist endret