
Rekneskapsrådgivar
Klepp kommune
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Rekneskapsrådgivar
Klepp kommune er stolte av å ha god økonomistyring, og i 2024 vart økonomiplanen vår kåra til den aller beste i Noreg. Nå søker me deg som kan styrka oss endå meir i dette viktige arbeidet. Økonomiavdelinga har ei ledig stilling med rekneskapsoppgåver og utviklingsarbeid. Du vil og vera sentral i å ta kommunen sitt rekneskap og fakturabehandlinga vår inn ein ny og digital kvardag. Er du over snittet interessert i tal og har evne til å tenka nytt, kan du vera den rette for oss.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for rekneskapa for Klepp kyrkjelege fellesråd og menigheitane i Klepp
- Digitaliserings- og effektiviseringsarbeid
- Ansvar for inngåande fakturaer
- Opplæring og rettleiing i organisasjonen
- Fokus på internkontroll og gode rekneskapsrutinar
- Vera ressursperson med ansvar for og kunnskap om meirverdiavgift
- Kontakt med leverandørar og innbyggjarar på telefon og e-post
- Arbeidsoppgåver i årsoppgjeret i kommunerekneskapen
- Generelt rekneskapsarbeid
- Delta i arbeid med klimabudsjett og -regnskap
- Andre oppgåver frå økonomisjef
Kvalifikasjonar
- Krav om mastergrad, fortrinnsvis i økonomiske og administrative fag
- Relevant arbeidserfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensera for kravet til master
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God samfunnsforståing
- Erfaring frå rekneskapsarbeid og regelverk innan rekneskap om meirverdiavgift er ønskjeleg
- Erfaring frå offentlig forvaltning og kjennskap til offentlige lover og forskrifter er ein fordel
- Kunnskap om Visma Enterprise og erfaring med kommunalt rekneskap vil bli vektlagt
- Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og sjølvstendig
- Løysings- og resultatorientert, fleksibel og endringsvilleg
- Evne til å kombinera driftsansvar med utviklingsarbeid
- Pådrivar i nye måter å arbeida på, med fokus på digitalisering
- Trivast i høgt tempo med strame tidsfristar
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Faglege utfordringar i ei sjølvstendig rolle
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Spanande utfordringar
- Mange og gode personalgoder
- Gratis parkering
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldendelover og regler.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomi, Rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400583731
- Sist endret