
Leiar for integrasjonsteam
Helse Vest IKT
- Frist 27.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Leiar for integrasjonsteam - ein nøkkelressurs i eit komplekst systemlandskap
Har du lyst til å gjere ein forskjell? Vil du vere ein bidragsytar til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Då er det deg vi leitar etter.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det samla ansvaret for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 38 dyktige medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Vi søker etter ein dyktig faglig teamleiar!
Utvikling og forbetring av integrasjonsløysingar blir drive av tre tverrfaglege integrasjonsteam, som samarbeider tett med alle interessentar og bidragsytarar. Teama består av prosjektleiarar, arkitektar, utviklarar, testleiarar og plattformforvaltarar. Vi søkjer no etter leiar for teamet med ansvar for integrasjonsløysingar til administrative støtteprosessar innan lager, forsyning, økonomi og sjukehusdrift.Sentrale system og tenester her er SAP og Omega365.
Du kommer inn i et dyktig og veletablert team, og denne stillinga erstatter noværande innleigd teamleiar. Dei viktigste oppgavene vil være å ivareta den gode teamkulturen, og samtidig være eit koordinerande kontaktpunkt mot resten av organisasjonen. Stillinga har eit fagleg fokus, og er utan personalansvar.
Høyrest dette ut som deg? Søk no!
Du vil ha ansvar for:
Teamleiing:
- Ivareta den gode teamkulturen
- Sørge for god oppgave- og kapasitetsstyring, som reduserer kognitiv last.
- Være ein god motivator
Samarbeid og kommunikasjon:
- Vere eit kontaktpunkt og bindeledd inn mot teamet for resten av organisasjonen
- Sørge for gode samarbeidsarenaer med andre team og interessentar
- Dialog med andre teamleiarar og samarbeid om ressursar som jobbar på tvers av fleire team
Utvikling og forbetring av integrasjonsløysingar:
- Koordinere teamet sine aktivitetar og leveransar opp mot prosjekter og initiativ i organisasjonen.
- Bidra til tydeleg ansvarsoppgang mellom teamet og alle involverte partar, inkl. system- og tenesteleverandørar
- Rapportere til behovseigar og bidra til felles forståing av føresetnader, avhengigheiter og utfordringar
- Følgje opp prioriteringsavklaringar med behovseigarar på vegne av teamet
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan IT eller ledelse. Arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring som teamleiar eller prosjektleiar innan utvikling
- Erfaring frå samarbeid med eksterne leverandørar
- Kunnskap om produkttenking og -utvikling
I tillegg til formelle og faglege kvalifikasjonar, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og spesielt oppteken av å skape god dialog med behovseigarar og interessentar
- Gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert
- Oppteken av folk, like å følgje opp det enkelte teammedlem, sikre at dei har det bra og at dei får brukt kompetansen sin saman med resten av teamet
- Oppteken av kvalitet
- Evner å sette tydelege mål og fokus for teamet, og sørger for god kommunikasjon både innad i teamet og med dei teamet samarbeider med
- Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har variert utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Flotte kontorlokale med svært god kollektivdekning (buss, bybane).
- Innandørs sykkelparkering.
- Løn etter avtale.
- Innplassering i stillingskode «Rådgiver IKT» eller «Seniorrådgiver IKT», avhengig av kvalifikasjoner.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Produktledelse, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Teamleder, Utvikling, Devops, Tverrfaglig
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400585805
- Sist endret