Pedagogisk leiar Trollskogen barnehage
Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage
- Frist 13.4.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig stilling som pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.08.25- 31.07.2026.
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng pedagogisk leiar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er å jobbe for å forebygge og stoppe krenkingar/sosiale ubalansar, berekraftig utvikling, trafikktryggleik, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa, som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 7 tilsette og 28 barn fordelt på to avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.
Arbeidsoppgåver
Drifte avdelinga i tråd med lover, forskrifter og barnehagen sine planar
Pedagogisk og administrativ leiing av avdelinga
Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
Leie avdelinga med utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet
Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
Rettleiing av tilsette på avdelinga
Bidra aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid
Legge til rette for eit godt samarbeid med føresette
Aktiv deltaking i barnehagen sitt leiarteam
Ansvar for felles oppgåver i barnehagen
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
Har god digital kompetanse
Har gode leiareigenskapar og stor arbeidskapasitet
Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
Er kreativ og engasjert
Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
Har eit stort engasjement for barnehagefaget med vekt på utemiljøet som læringsarena
Vil jobbe aktivt for barnehagen sitt overordna mål om å «Spre glede»
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar.Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir). Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest før tiltredelse i stillinga.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande avtalar
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
Nøkkelord
Barnehage, Pedagogiskleder, Barn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400586268
- Sist endret