Barsjef
Hotel Union Geiranger
- Frist 15.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein engasjert og erfaren Bar Manager til hotellbaren på Hotel Union Geiranger!
Baren er ein sentral del av vårt konsept og ein sosial møteplass for gjestane våre – frå lunsjservering til pre-dinner cocktails og kveldsdrinker. Vi legg stor vekt på kvalitet, unike smaksopplevingar og ekte handverk, noko vi også ønskjer å vidareføre i baren.
No ser vi etter deg som kan leie vårt barteam og vidareutvikle konseptet i tett samarbeid med vårt F&B-leiarteam.
Bli med oss og ta del i eit team som jobbar i verdas vakraste
omgjevnader!
Kvalifikasjonar:
Minimum 5 års relevant erfaring frå bar.
Flytande engelsk, gjerne også norsk.
Erfaring med personalleiing.
Forståing for kostnadskontroll, vareteljing og ordrehandtering.
Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar.
Vi tilbyr:
Ein inspirerande arbeidsplass i vakre Geiranger.
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige vilkår.
Hjelp med bustad ved behov.
Om arbeidsgiveren
Hotellet vart opphavleg bygd i 1891 i tradisjonell dragestil/sveitsarstil. Familien Mjelva overtok drifta i 1899 og har gjennom generasjonar utvikla hotellet til det det er i dag – eit moderne hotell med kurs- og konferanseavdeling, spa, basseng, nattklubb og unike opplevingar for gjestane våre.
Hotellet blir no drive av fjerde generasjon vertskap, Monja og Sindre Mjelva, som vidarefører den sterke Union-atmosfæren med fokus på kvalitet og service.
- Sektor: Privat
- Sted: Geirangervegen 100, 6216 Geiranger
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Bartender
Nøkkelord
barmanager, hotell, cocktails, kveldsdrinker, kvalitet
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400593192
- Sist endret