Senior- og junior prosjektkontrollar
Leirvik AS
- Frist 29.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Senior- og junior prosjektkontrollar
Leirvik AS søkjer ein senior og ein junior prosjektkontrollar.
Ønskjer du ei utfordrande rolle innan prosjektøkonomi i eit innovativt og framtidsretta miljø? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi ser etter både ein erfaren senior prosjektkontrollar og ein ambisiøs junior prosjektkontrollar til vårt team. Som del av Leirvik AS vil du jobbe tett med prosjektteamet for å sikre god økonomisk styring og kontraktsoppfølging.
For senior prosjektkontrollar: Vi ser etter deg med erfaring innan prosjektøkonomi og god kjennskap til offshore-/NS-kontraktar. Du vil ha ei nøkkelrolle i prosjekt- og tilbodsarbeid, bidra til strategiske beslutningar og vidareutvikle metodar og verktøy i avdelinga.
For junior prosjektkontrollar: Dette er ei spanande moglegheit for deg som har noko erfaring innan økonomistyring og ønskjer å utvikle deg vidare i prosjektøkonomi. Du vil få ansvar for analyser, oppfølging og støtte i prosjektgjennomføring, med gode moglegheiter for læring og vekst.
Arbeidsoppgåver
Prosjektarbeid
Kommersielt ansvar i prosjekt
Oppfølging av økonomi og kontrakt i prosjektet
Identifisera og følgje opp endringar, avvik og risikoar
Rapportering
Fakturering
Tilbodsarbeid
Utarbeida tilbodskalkylar
Evaluera kontraktsutkast frå kundar
Øvrig
Bidra til utvikling og forbetring av metodar, verktøy og rutinar for avdelinga
Ynskja kvalifikasjonar
- Minimum 3 år teknisk og/eller økonomisk utdanning (høgskule/universitet)
- For senior: Minimum 5 års erfaring innan kost- og kontraktsoppfølging på større prosjekt (offshore-/NS kontrakter)
Personlege eigenskapar
- Analytisk med god forretningsforståelse
- Gode samarbeidsevner
- Likar å jobbe i team
- Initiativrik og informasjonssøkjande
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode formuleringsevner
- Gode norsk- og engelskkunnskapar - muntleg og skriftleg
Me tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i "Leirvik-familien"
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.
Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.
Omstilling har alltid vore ein del av vår reise, og suksessen vår byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Storhaugvegen 130, 5416 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Controller, Revisjon og kontroll
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400606410
- Sist endret