
Fagingeniør trafikkteknikk og arbeidsvarsling
Statens vegvesen
- Frist 21.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere nøkkelperson innan trafikkteknikk og arbeidsvarsling?
Har du kompetanse innan trafikkteknikk, skilt og arbeidsvarsling, og vil vere med å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport? Då kan du vere den aktuelle kandidaten vi treng til vår seksjon. Vårt fagmiljø betrar trafikktryggleiken og gjer transportsystemet meir effektivt og berekraftig.
I denne stillinga vil du ta avgjerder som påverkar folk sin kvardag. På kontoret i Bergen er vi 16 tilsette som jobbar med ulike fagtema som t.d.:
- Skilt, oppmerking, signalanlegg, sykkelritt og arbeidsvarsling
- Trafikktryggleik
- Plan- og vegforvaltning, transport i by
- Miljø
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som dekker ulike fagområde. Arbeidsstad for stillinga er Bergen, men for godt kvalifiserte søkjarar kan anna kontorstad innafor avdelinga bli vurdert.
Kva skal du jobbe med?
- Behandle permanente skilt- og oppmerkingsplanar
- Trafikktekniske reguleringar på eksisterande og nytt vegnett
- Gje råd i interne og eksterne trafikktekniske spørsmål, og gje formell uttale til saker etter veglov, vegtrafikklov og skiltforskrift
- Vurdere og godkjenne planar for arbeidsvarsling på riks- og fylkesvegnett
- Andre oppgåver innan transport i by, trafikktryggleik, ulykkesregistrering og andre deler av ansvarsområdet til seksjonen kan og vere aktuelt ut frå behovet til seksjonen, og interessefeltet til medarbeidaren
Kompetansekrav
Du må ha:
- Minimum treårig høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant utdanning kan vere ingeniør innan veg og trafikk. Omfattande og relevant erfaring innan veg og trafikk kan kompensere for manglande formell utdanning
- Har kompetanse og interesse for digitale verktøy, og ønskjer å vere med på å vidareutvikle bruken av desse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B, på grunn av noko reiseverksemd
Det er ønskjeleg med erfaring innan:
- forvaltning og samferdsel frå offentleg eller privat sektor
- fagområde trafikkteknikk
Nyutdanna innan fagfelta veg og trafikk kan også vere aktuell for stillinga.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskapar:
Me legg vekt på at du
- har stort engasjement for faget og ønskjer å formidle dette til andre
- har evne til å ta initiativ, vere løysingsorientert og jobbe sjølvstendig
- har evne til å sjå heilheita i trafikksystemet
- kan samarbeide og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- har evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
trafikkteknikk, arbeidsvarsling, skilt, trafikktryggleik, vegforvaltning
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400759580
- Sist endret