Vernepleiar/sjukepleiar - 100% Storhaugen bufellesskap
Alver kommune
- Frist 28.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du langvakter og er nyutdanna? Søk hos oss!
Om stillinga
Me søkjer engasjert vernepleiar eller sjukepleiar til avdelinga vår. Per idag innebærer stillinga arbeid på dagtid og ettermiddag, samt arbeid på helg kvar 3. veke, men me er open for å sjå på moglegheit for langvakter. Me ynskjer å gjere denne eventuelle endringa saman med deg!
Avdelinga har eigen driftskoordinator som kan gje rettleiing og støtte ved behov. Du vert og fulgt godt opp av avdelingsleiar i ein startfase.
Det er ein spanande stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver. Det er god takhøgde hos oss, og forslag til å løysa arbeidsoppgåver på nye måtar vert godt motteke!
Om oss
Tidlegare har Storhaugen bufellesskap og Stallanemarka burettslag vore ei avdeling men frå desember 2024 endra vi me på dette! Idag er Storhaugen ein avdeling med ny avdelingsleiar med stort engasjement for brukargruppa og fagmiljøet. Det er viktig for oss med eit godt arbeidsmiljø med stort fokus på samarbeid mellom dei ulike profesjonane.
Bufellesskapet er ein del av habiliteringstenesta i Alver kommune. Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik med gratis parkering, og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Aldersgruppa på bebuarane er frå 30 til 70 år.
Det er kring 20 tilsette på avdelinga med ulike profesjonar. Sjølve bufelleskapet består av eit hovedbygg med fellesareal, kontor og tre leiligheiter og 4 frittståande leiligheiter som ligg rett ved hovedbygget.
Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er ein god stad å vere ny, og dei tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet pregast av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktansvar
- Medisinansvar og oppfølging
- Oppfølging knytt til kap. 9
- Følgje opp samarbeid med lege, spesialisthelsetenesta, arbeids og aktivitetssenter og pårørande
- Relasjonsbygging og målretta miljøarbeid
- Praktisk bistand, stell og rettleiing til bebuarane i deira heim
- Praktisk arbeid i bolig og på fellesrom
- Bidra med å organisera bebuarane sin kvardag ut frå den einskilde sitt behov
- Fyll inn eller innhent frå jobbanalyse
Kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode kommunikasjonsevner
- Førarkort klasse B
Det er eit føremon med erfaring frå målretta miljøarbeid
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- har evne til å samarbeide med ulike profesjonar
- har evne til å samarbeide med kollegaer, bebuarane og pårørande - er lojal mot miljøreglar, rutinar og avgjersler som er tatt
- kan stå i utfordrande relasjoner over tid
- har vilje til å stå på, og evne til å ta initiativ og være løsningsorientert
- kan arbeide sjøvstendig og i team
- har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
På bakgrunn av arbeidets art er det viktig at du evner å kunne stå i situasjoner som både enkeltvis og over tid kan være fysisk og/eller psykisk krevande.
Me tilbyr
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oteråsen 17-19, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401753296
- Sist endret