Miljøfagarbeidarar
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøfagarbeidarar/verne-/sjukepleiarar/ergo-/fysioterapeutar
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Talet på søkjarar til tilrettelagd opplæring aukar og vi opprettar ny avdeling med nye skuleplassar.
Vi har ledig inntil 750 % fast stilling som miljøfagarbeidar for tilrettelagt opplæring, Helse og oppvekst .
Vi ønskjer at avdelinga skal ha brei kompetanse. Verne- og/eller sjukepleiar, ergo- og/eller fysioterapeutar er ønskja bakgrunn for nokre tilsette. Dei vil få stilling som miljøterapeut.
Vi ønskjer deg som vil vere med å byggje opp ein ny avdeling, der meistring og lærelyst vil vere viktig. Du bør ha kompetanse og erfaring frå arbeid der elevar har store og samansette lærevanskar. Du må vere god til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes stå i utfordrande situasjonar over tid.
Arbeidsoppgåver
- Støtte og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett oppfølging
- Arbeide ut frå elevane si individuelle opplæringsplan
- Delta aktiv i teamet rundt eleven og på avdelinga
- Arbeide med pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan
- Det vil også vere oppgåver knytt til stell
Kvalifikasjonar
- Det er ønskje om fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar. Andre fagområde kan også vere relevant
- Ein vil i stor grad også vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
- Søkjarar med høgare utdanning (t.d. vernepleiar, ergoterapeut) kan i nokre tilfelle tilsettast som miljøterapeut
- Vi oppmodar menn til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, har godt humør og trivest med å jobbe i team
- Du må like å vere fysisk aktiv og å kunne ta i eit tak når det trengs
- Du må kunne jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar
- Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
- Du må vere trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer
- Godt samarbeid med faglærarar og deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid
- Arbeidstakar har ein arbeidsplan som følgjer skuleåret. Dette inneber reduksjon i årsløn i samsvar med særavtale SFS 2201, pkt. 3.5.
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: 5054 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøfagarbeidar, Miljøterapeut, Vernepleiar, Ergoterapeut, Fysioterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401811102
- Sist endret