Inaktiv
Regionrådsleiar - Vest-Telemarkrådet
Vest-Telemarkrådet
- Frist Snarest
Regionrådsleiar - Vest-Telemarkrådet
Stillinga som regionrådsleiar blir ledig frå 1. januar 2018. Vi søkjer ein sjølvstendig og utviklingsorientert person med stor arbeidskapasitet og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søkjar bør ha høgare utdanning og gjerne samarbeidserfaring frå offentleg sektor.
Ein vil legge spesiell vekt på evne til å drive nettverksbygging og kunne fremje regionens interesser utover lokalmiljøet. I tillegg evne til å bidra til utviklingsarenaer og møteplassar for både næringsliv og offentlege institusjonar i regionen. Søkjar vil ha fordel av kjennskap til regionen og Telemark fylke.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeide aktivt i høve til politikarar, rådmannutval og drive informasjonsarbeid
- Innta ei rolle i høve til prosjekter, både internt i regionen og i eksterne samarbeidstiltak
- Stå for søknad/organisering/bruk av skjønnsmidlar
- Dagleg drift:
- Førebu og organisere rådsmøta og gjennomføre vedtak.
- Arbeidsgjevaransvar / økonomioppfølging
Aktuelle fokusområder:
Infrastruktur (veg, bane, breiband), vg. skule, næringslivets behov for arbeidskraft, felles etablererteneste i regionen, kultur, Telemarkskanalen, annan statleg og fylkeskommunal aktivitet.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
Om arbeidsgiveren
Vest-Telemark har som visjon å vera ein levande
region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon
og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal regionen vera
attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving. Vest-Telemarkrådet
er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal,
Seljord, Tokke og Vinje. Ordførarane i dei 6 kommunane leier Rådet og står for
den daglege drifta i lag med regionrådsleiar

- Lederkategori: Leder
- Sted: Kvitseidgata 18, 3850 Kviteseid
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 101840005
- Sist endret