
Fagleg leiar lønn
Fjord1 ASA
- Frist 26.7.2020
Fagleg leiar lønn
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og skal vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.
Vi ynskjer å styrke vår lønnsavdeling, og er på jakt etter ein dyktig og initiativrik leiar til vår lønnsavdeling.
I denne stillinga ser vi etter deg som evner å heve blikket og sjå samanhengar og det store bildet. Du er nysgjerrig og lærevillig, og ønskjer endringar og effektivisering velkommen. Å sjå løysingar der andre ser utfordringar er noko som ligg i din natur og du trivast med å arbeide med utvikling og forbetringsprosessar. Du vil bli fagleg leiar for eit team på fem dyktige og engasjerte medarbeidarar innan fagområdet lønn.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere lønnskjøyringar
- Kontaktperson for driftslinja i spørsmål knytt til lønn, skatt og avgifter
- Sikre korrekt rapportering av offentlege avgifter og skatt
- Forvalte selskapets pensjonsavtalar og sikre etterleving av desse
- Deltaking og bistand i lønnsforhandlingar
- Fagansvar (UWB) lønnsystem
- Utvikle og oppdatere (UWB) lønnssystemet og ande system knytt til lønn
- Deltaking i prosjekt på tvers i selskapet
- Moglegheit for personalansvar for eininga lønn
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan økonomiske fag
- Erfaring med lønnsarbeid
- God rekneskapsforståing og evne til å sette deg inn i regelverk
- Kjennskap/erfaring med Unit4 BW (Agresso) sin lønnsmodul er ein fordel, men ikkje eit krav
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, strukturert og kvalitetsorientert
- Pådrivar med positive haldningar, engasjement og initiativ
- Du ser heilskapen i bedrifta og vågar å stille spørsmål og utfordre etablert praksis
- Du likar å vere ein del av eit team, og er oppteken av kunnskapsdeling
- Du trivast i ein hektisk kvardag
- God til å kommunisere med andre
Vi tilbyr
- Moglegheit for å læring, vekst og utvikling
- Konkurransedyktig lønn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Fjord1
ASA har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande
ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt,
catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med
store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg
og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i
verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i
selskapet.
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: Strandavegen 1, 6900 Florø
- Bransje: Maritim og offshore, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Lønn, Regnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 183082380
- Sist endret