Inaktiv
Rektor
Møre folkehøgskule
- Frist 9.7.2021
- Ansettelsesform Fast
Rektor ved Møre folkehøgskule
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for å sikre at skulen har høg kvalitet i læring og allmenndanning, og at skulen blir drifta i tråd med lovverk, prinsipprogram for frilyndt folkehøgskule og skulen sine mål og verdiar.
- Ansvar for dagleg drift og utvikling av skulen.
- Personalansvar, oppfølging og vidareutvikling av dei tilsette.
- Sikre stabil økonomi og gode administrative rutinar.
- Vedlikehald av bygningar og materiell.
- Det må påreknast noko arbeid kveld og helg.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (økonomi, leiing, pedagogikk).
- Kompetanse og erfaring innan strategi og leiing.
- Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid i folkehøgskulen eller andre organisasjonar.
Personlege eigenskapar
- God på strategiske arbeidsprosessar og evne til å gjennomføre tiltak.
- Evne til å motivere og inspirere, og vere samlande overfor pedagogisk og praktisk personell.
- God på å bygge relasjonar internt og eksternt.
- Pågangsmot og initiativ og evne til å gå opp nye vegar.
Vi tilbyr
- Eit spennande og variert arbeid saman med engasjerte medarbeidarar.
- God kontakt med motivert ungdom.
- Moglegheit til å forme utvikling og framtid for skulen.
- Løn etter avtale, medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Skulen har eit godt arbeidsmiljø og stabil økonomi.
Om arbeidsgiveren
Møre folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule og ligg sentralt plassert i Ørsta sentrum, omkransa av Sunnmørsalpane. Skulen har ca. 110 elevar og 18 tilsette, og bygg på lange tradisjonar som fundament for eit framtidsretta skuletilbod.
For komande skuleår har skulen seks linjer; fire linjer med friluftsliv i ulike variantar, ei animasjonslinje og ei linje med Kina som læringsfokus.
Skulen har god søknad og høg fagleg kompetanse. Verksemda er organisert som ei stifting og har band til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.
For komande skuleår har skulen seks linjer; fire linjer med friluftsliv i ulike variantar, ei animasjonslinje og ei linje med Kina som læringsfokus.
Skulen har god søknad og høg fagleg kompetanse. Verksemda er organisert som ei stifting og har band til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Direktør
- Sted: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta
- Bransje: Barn, skole og undervisning, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, lagbygger, inkluderende, tydelig, skoleledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 222128867
- Sist endret