Rektor ved Vang barne - og ungdomsskule- 100 % årsvikariat
Vang Kommune
- Frist 26.12.2021
Rektor ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % årsvikariat
Vang kommune har frå nyåret 2022 ledig rektorstilling ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % vikariat for omlag 1 år.
Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse. Skulen er fulldelt og har omlag 170 elevar og 44 tilsette. Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar, ein stabil og god lærar - og medarbeidarstab og høg trivsel!
Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde, og er godt i gang med implementering av ny læreplan.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåvene vil vere:
- Ansvar for fagutvikling på skulen
- Ansvar for ressursbruk på skulen
- Ansvar for personalleiing på skulen
- Syte for at gjeldande lov og avtaleverk og kommunale vedtak blir fylgt opp på skulen
- Fagleg ansvar for arbeidet på, og utviklinga av, skulen
- Ansvar for budsjett, og oppfølging av rekneskap
- Rettleiingsansvar for elevar
- Sikre rutiner for elevane sine rettar
- Deltaking i leiarmøter i etaten
- Følgje opp HMS-arbeidet
Kvalifikasjonar
- God pedagogisk kompetanse, samarbeidsevne og høg relasjonell kompetanse
- God kommunikasjonsevne og evne til å vere løysingsorientert
- Ynskjeleg med skuleleiarerfaring og gjerne leiarutdanning
- Tydelig, ryddig og strukturert
- Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- Er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
- Kjennskap til relevant lov - og avtaleverk
- Har god IKT -kompetanse
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
- tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande lærarteam
- faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor. Godkjent politiattest skal leverast før tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Lederkategori: Leder
- Sted: Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
rektor, barneskole, leder, lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 241042644
- Sist endret