
Dagleg leiar
Sogndal IL Fotball
- Frist 13.2.2022
Dagleg leiar
Me tilbyr ei av dei mest spanande og utfordrande leiarstillingane på Vestlandet, og håpar du er den vi leitar etter!
Me skal etablere arenaer for innovasjon og entre-prenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har vi mål om å vere blant dei beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball. Utgangspunktet for arbeidet er vår visjon som er utviklingsarena for toppfotball , der kjerneverdiane Ambisiøse og utviklande – inkluderande og ærlege står sentralt.
Som dagleg leiar i Sogndal IL Fotball vil du leia ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skape resultat for klubben. Dagleg leiar si oppgåve er å vidareutvikle organisasjonen og samarbeidet med våre partnarar. Vi søkjer deg som er god på relasjonar og omdømebygging.
Dine viktigaste ansvarsområde vert den overordna daglege drifta, herunder økonomisk styring og rapportering, med tilhøyrande resultatansvar. Som personalleiar er det naturlegvis viktig at du har fokus på å vidareutvikla verksemda organisatorisk, mellom anna gjennom å motivera tilsette, og jobba mot felles mål. Du kjem til å representera klubben utad, og må ha fokus på å etablera gode relasjonar med samarbeids-partnarar og interessentar.
Me er på jakt etter deg som har erfaring som leiar, både personal- og resultatansvar. Du bør evna å arbeide med utviklings- og strategiarbeid. Du bør ha erfaring frå kommersiell verksemd, og kunne visa til gode, oppnådde resultat. Det er sjølvsagt også ein stor fordel om du har bakgrunn frå- eller interesse for- fotball og annan idrett.
Som person må du vera ein framoverlent og nyskapande relasjonsbyggar. Du trivst med å arbeide i team, og har gode kommunikasjonsevner. Du er forretningsorientert og opptatt av å skapa gode resultat saman med andre.
Arbeidsstad er Sogndal.
Ved spørsmål, kontakt styreleiar Jan Rune Årøy (950 44 240) eller ein av våre rådgjeverar hjå Headvisor: Bjørn Horne (911 61 390) eller Janne Siri Horne (90721164).
Send kort søknad med CV innan 13. februar 2022. Spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.
Om arbeidsgiveren
- Lederkategori: Direktør
- Sted: TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
Ledelse, Økonomistyring, Videreutvikling, Strategisk, Organisasjonsutvikling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 245625526
- Sist endret