Internat- og kontorleiar
Møre Folkehøgskule
- Frist 1.3.2022
- Ansettelsesform Fast
Vi har frå 01.08 ledig stilling som Internat- og kontorleiar
Vår nye internat- og kontorleiar vil få ei sentral rolle ved skulen. Du får ansvar for både det sosialpedagogiske arbeidet med å skape eit trygt bumiljø for elevane samt å organisere arbeidet knytt til kontor- og administrative oppgåver.
Internat- og kontorleiar rapporterer til rektor, og har medarbeidarar knytt til forskjellige driftsoppgåver som rapporterer til seg.
Ved behov er det du som er skulen sin kontaktperson mot helsevesenet.
Skulen er i ein prosess der vi vurderer vår organisering av merkantile oppgåver. Kunnskap om rekneskap, økonomistyring, marknadsføring og IT er kompetanse som kan vere verd å framheve for deg som søkjar.
Ei sentral oppgåve er ansvaret for at elevane kjenner seg heime og ivaretekne på skulen. Internat- og kontorleiar har ansvar for opplæring, organisering og oppfølging av elevane sine reinhaldsrutinar. Sosialpedagogisk arbeid som tilsyn på kveld og natt kan også vere ein del av stillinga. Ansvar for kontakt med samarbeidspartnarar i lokalmiljøet og å gjennomføre aktivitetar saman med desse er også lagt til stillinga. Det kan også vere at internat- og kontorleiar kan vere ein ressurs på andre fagfelt t.d. få ansvar for eit eller fleire valfag ved skulen.
Vi søkjer ein person som kan arbeide effektivt og sjølvstendig. Du må kunne kommunisere godt både med elevar, andre tilsette og omverda og vere innstilt på å løyse utfordringar gjennom initiativ, kreativitet, humør og samarbeid
Vi søkjer altså deg som:
· Har fokus på omsorg og relasjonsbygging og kan inspirere og rettleie unge menneske
· Likar å arbeide i lag med andre, er initiativrik og har stor kapasitet
· Helst har utdanning på høgskulenivå, gjerne ein kombinasjon av sosialpedagogiske og økonomiske/administrative fag
Det vi har å by deg er:
· Ei spennande utfordring i eit levande miljø
· Godt kvalifiserte kollegar med humør og fagleg engasjement
· Løn etter avtale og god pensjonsordning i SPK.
Vi legg vekt på faglege kvalifikasjonar og ikkje minst at du som person er eigna for stillinga. Den som blir tilsett må levere politiattest som syner at ein er skikka for stillinga. Det kan vere aktuelt at arbeidstida for stillinga følgjer arbeidstida for pedagogisk personale, der timar blir innarbeidde når elevane er på skulen og teke ut i samband med elevane sine ferier. Spørsmål om stillinga vert å rette til rektor Rune Hovde, tlf 906 40 051.
Søknadsfrist 01.03.2022.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: 6150 Ørsta
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Kurs og opplæring
Animasjonselevar i arbeid (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 248407291
- Sist endret