Leiar for risikostyring og compliance
Luster Sparebank
- Frist 3.4.2022
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ny leiar for risikostyring og compliance
Me ser etter deg som har interesse for og som ser moglegheiter innan banken sitt risikoarbeid, og som kan bidra til effektivitet, god kultur og verdiskaping innan fagfeltet. Å bidra til kompetanseheving i organisasjonen og utarbeide gode interne rutinar og policyar, samt syte for at desse vert etterlevd, vil vere ein viktig del av arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Måle og rapportere resultat frå risiko- og compliancearbeidet
- Overvake banken sitt rammeverk for risiko- og kapitalstyring
- Bidra til utvikling og kompetanseheving
- Utarbeide rutinar og policyar innanfor fagområdet
- Syte for at verksemda til ei kvar tid føl gjeldande lover, forskrifter og regulatoriske krav
- I lag med styre og leiing definere mål og fokusområde
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring frå risikostyring, compliance eller liknande arbeid som til dømes revisjon eller controller.
- Forståing for styringssystem og verksemdsstyring
- God praktisk kjennskap til ulike IKT-verktøy
- Kjennskap til bank- og finansbransjen er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver, og som samstundes bidreg med informasjonsdeling og kompetanseheving gjennom samarbeid innad i organisasjonen.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilby
- Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!
Om arbeidsgiveren
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 25 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er «Saman når me måla dine». Personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er «Personleg, Ansvarleg og Kompetent».
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
risikostyring, compliance, kapitalstyring
Frå hovudkontoret i Gaupne (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 249795966
- Sist endret