Driftsleder
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA
- Frist 24.1.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du den nye driftsleiaren vår?
Likar du ein variert arbeidskvardag og samarbeider godt med andre? Då kan det vere du er vår nye driftsleiar!
Driftsavdelinga vår er i dag eit team på fire personar. Vi har over 620 studentbustadar, barnehage, studenthus og fleire næringseigedomar som driftsavdelinga har den daglege oppfølginga og vedlikehaldet av.
Som driftsleiar er du drifts- og vedlikehaldsansvarleg for eigedommane våre. Du vil ha personalansvar for dei tilsette i driftsavdelinga og rapporterer til direktør. Driftsleiaren arbeider praktisk ute på eigedomane, i tillegg til administrativt arbeid på kontoret.
Arbeidsoppgåver
· Dagleg drift og utvikling av avdelinga
· Ansvar for alle eigedomar og alt utstyr vi eig og forvaltar
· Sikre og utvikle gode rutinar knytt til drift og service, samt handtere akutte situasjonar
· Vere delaktig i å utvikle eit godt bumiljø for studentane med høg grad av service
· Ansvarleg for avtalar som gjeld innkjøp, drift og vedlikehald
· Skape gode relasjonar til kundar og samarbeidspartnarar
Ønska kvalifikasjonar
· Utdanning innan bygg- og anlegg, eller annan relevant fagbakgrunn
· Relevant leiarerfaring, helst med personalansvar
· Kunnskap og erfaring med SD-anlegg og FDV-system
· Generell god IKT-kompetanse
· Må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
· Dyktig leiar som er flink med menneske, og god til å motivere
· Gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
· Initiativrik, ansvarsbevisst og opptatt av å yte god service
· God arbeidsmoral og høg arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Vi tilbyr
· Jobb i eit spanande miljø med varierte arbeidsoppgåver
· Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Ein meiningsfull jobb som er med og betrar studentane sin kvardag
Om arbeidsgiveren
SiVolda er ein velferdsorganisasjon for vel 4000 studentar i Volda. SiVolda er ei sjølvstendig verksemd innan høgskulesystemet med ansvar for drift av mellom anna studentbustadar, kantine, kafé, barnehage, studenthus og sosial- og psykologisk rådgjevingsteneste. SiVolda har rundt 30 tilsette og ei årsomsetning på om lag 55 mill. kr.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Elvegata 24, 6103 Volda
- Bransje: Annet, Drift og vedlikeholdstjenester, Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
driftsleder, eiendomsdrift, vaktmester, drift/vedlikehold, driftsoperatør
Administrasjonsbygget til Studentsamskipnaden i Volda. Driftsavdelinga held til i 1. etg. (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 287159493
- Sist endret