Ansvarleg redaktør / dagleg leiar
Fjordenes Tidende AS
- Frist 16.10.2023
Fjordenes Tidende søker ansvarleg redaktør / dagleg leiar
Fjordenes Tidende sin posisjon og samfunnsrolle i ytre Nordfjord er unik. Vi har ambisjonar om å vekse digitalt og styrke vår posisjon endå meir. Til å leie arbeidet søker vi etter ein ansvarleg redaktør / dagleg leiar med stort engasjement for lokalsamfunnet og lokal journalistikk, og med ønske om å utvikle mediehuset vidare saman med ein arbeidsam og motivert stab.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Du vil få eit samla leiaransvar for redaksjonell drift, utvikling og administrasjon i mediehuset. Regional salsleiing og administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar hos Sunnmørsposten. Fjordenes Tidende består av ni tilsette, fordelt på redaksjon og sal.
Dine andre sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver blir å
- utvikle det redaksjonelle arbeidet, med spesielt fokus på vidare digital utvikling
- ta ansvar for å forvalte dei redaksjonelle plattformene og vere ein garantist for at avisa varetek si uavhengigheit, saklegheit, sin relevans og sitt samfunnsansvar
- ta eit overordna og heilskapleg leiar- og resultatansvar for avisa
- produsere redaksjonelt innhald, jakte på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
- bygge og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar
- ta ansvar for økonomien i avisa
- ta ansvar for personal- og medarbeidarutvikling
- samarbeide med kollegaer i Polaris Media-konsernet
Fjordenes Tidende flyttar snart inn i nye og moderne kontor i Gate 1 i Måløy sentrum. Du vil rapportere til styret i Fjordenes Tidende.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning fortrinnsvis innan journalistikk. Du er ein erfaren, skrivande journalist. Det er ønskeleg at du har redaksjonell leiarerfaring, men det er avgjerande at du har ambisjonar som leiar. Du har stor interesse for digitaliseringa som skjer i samfunnet og media spesielt. Du er utviklingsorientert og opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet. Som leiar har du ein involverande og inkluderande leiarstil.
Vidare ser vi for oss at du
- har ei god vurderingsevne i presseetiske og redaksjonelle spørsmål
- er opptatt av resultat og kvalitet
- har god forretningssans
- har ei trygg forankring i bruk av nynorsk
Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønske om å utvikle deg vidare, oppfordrar vi deg til å vise interesse for stillinga.
Kvifor Fjordenes Tidende?
- Interessante, utfordrande og utviklande leiaroppgåver i ei solid lokalavis i god vekst og utvikling.
- Eit av Skandinavia sine leiande mediekonsern i ryggen. Gjennom Polaris Media har Fjordenes Tidende tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil legge til rette for vekst og utvikling.
- Nordfjord er eit kompakt og komplett stykke Norge. Fjord, fjell, dal, kyst eller bygd? Vi har alt. Her kan du bu landleg og likevel sentralt med tanke på arbeid, utdanning, kultur og fritid.
Søknadsfrist: 16. oktober 2023 – søknader blir fortløpande vurderte.
Ønsker du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgivarane
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
- Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867
- Ida Eide, tlf. 993 68 003
Du kan også kontakte styreleiar Frank Støyva Emblem på tlf. 988 55 952. Tillitsvald for redaksjonsklubben er Marianne Rotihaug, tlf. 477 68 804.
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Fjordenes Tidende i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Om arbeidsgiveren
- Lederkategori: Leder
- Sted: Gate 1 119, 6700 Måløy
- Bransje: Markedsføring og annonsering, Medie- og innholdsproduksjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Journalist, Ledelse
Nøkkelord
redaktør, leder, ledelse, journalist, redaksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319203355
- Sist endret