Leiar bedriftsmarknad
Luster Sparebank
- Frist 12.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Leiar bedriftsmarknad Luster Sparebank
Noverande leiar for bedriftsmarknad går over i ei ny rolle i banken, og me søkjer etter ein ny person til stillinga. Saman med resten av teamet vil du vidareutvikle banken som ein føretrekt samarbeidspartner for både eksisterande og nye bedriftskundar.
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar, korte avgjerdsvegar og lokal avgjerdsmynde står i sentrum. Du vil få ei sentral rolle med stor påverknad på vidare vekst og utvikling for banken, kundane våre og lokalsamfunna me er ein del av.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativt ansvar for banken sin bedriftsmarknadsavdeling, herunder fagansvar for kreditt og personalansvar for avdelinga
- Sals- og resultatansvar for avdelinga
- Utarbeiding og oppfølging av rutinar og retningslinjer innan området, samt sikre tilfredsstillande etterleving, engasjementsoppfølging og internkontroll
- Utvikle og forvalte kundeporteføljen til banken i tråd med banken sin strategi
- Kunderådgjeving, sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
- Leiar for bedriftsmarknad rapporterer til banksjef og er del av leiargruppa i banken
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning
- Relevant leiar- og arbeidserfaring
- Kjennskap til og/eller evne til å setje seg inn i regulatoriske krav for banksektoren
- Gode kunnskapar i bruk av relevant IT-verktøy og digitale løysingar
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein initiativrik person med god økonomisk og forretningsmessig forståing. Du har ein relasjonsskapande personlegdom som legg vekt på god samhandling og nettverksbygging internt, mot kundar og andre viktige samarbeidspartar. Du er løysingsorientert og god til å kommunisere, og har i tillegg ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede. Det er ein fordel om du har kjennskap til lokalt næringsliv og rolla banken spelar i lokalsamfunna.
Me kan tilby
- Ein sjeldan og unik sjanse til å vere med på å utvikle banken vidare som sjølvstendig bank, og bidra til å finne gode løysingar for både eksisterande og nye kundar
- Ein bank som brenn for gode kundeopplevingar og positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av
- Eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og kultur, god stemning og stå-på-vilje
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Ynskjer du ein av dei mest spanande næringslivsjobbane i kommunen og regionen, der gode løysingar og service til kundane står i fokus, kan dette vere det rette for deg.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, bank, finans, næringsliv, bedriftsmarked
Vil du bli med på laget vårt? (1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322674541
- Sist endret