![Lom kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2023/12/vertical-0/18/4/333/105/554_501948998.jpg)
Økonomisjef
Lom kommune
- Frist 3.3.2024
- Ansettelsesform Fast
100% stilling som Økonomisjef i kommunedirektørens stab
Lom kommune er for tida inne i ein spennande omstillingsprosess når det gjeld digital transformasjon, utvikling av betre styringssystem og tilpassing til den økonomiske situasjonen. Av den grunn er det behov for meir kompetanse innafor system, kontroll og økonomisk analyse.
Denne stillinga skal bidra til å sikre god kvalitet på økonomistyringa, digital utvikling og vera fagleg støttande for leiarar og andre med budsjettansvar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, systematisk og nøyaktig medarbeidar. Du bør vera løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
Av utdanning og erfaring krevst det høgare økonomisk utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ønskjeleg med erfaring frå økonomistyring i større verksemd. Erfaring frå kommunal verksemd vil vera ein fordel, men er ikkje eit krav. Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på både faglege og personlege eigenskapar.
Oppgåver til stillinga:
Budsjett-/prognose-/prosess- og planarbeid
Utgiftskontroll og rapportering
Rettleiar på økonomisystem
Rådgjeving og rettleiing for leiarar på alle nivå
Utvikle internkontroll på alle nivå
Berekning, analyse og utvikling av viktig økonomisk styringsinformasjon
Finansforvaltning
Koordinere innkjøpsoppgåver knytt til regional eining
Lom kommune tilbyr ei spennande stilling med sjølvstendig ansvar, varierte arbeidsoppgåver og ein utfordrande arbeidskvardag. Dei fleste arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga kan løysast digitalt, og det kan leggast til rette for heimearbeid om ynskjeleg. Kommunen kan også tilby gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Spørsmål om stillinga kan rettast til konst. kommunedirektør Trond Byre-Haakensen, telefon 93429318, eller avdelingsleiar for økonomi Anniken Stee, telefon 41 44 37 71.
Elektronisk søknad kan leverast via vår heimeside www.lom.kommune.no
Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Søknadsfrist 3.mars 2024
Om arbeidsgiveren
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomisjef, budsjett, analyse og utvikling, økonomi og internkontroll, finansforvaltning
(1/12)
- FINN-kode 333105554
- Sist endret