Daglig Leder
Aksello
- Frist 11.2.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med utvikling av banebrytande innovasjon? Då er stillinga som Dagleg leiar i Aksello noko for deg!
Vi tilbyr eit innovativt og godt arbeidsmiljø der du får utnytta ditt potensiale til å vere med og utvikle framtidas arbeidsplassar.
Vi bidreg til utvikling av nye og eksisterande bedrifter. Gjennom Siva (Selskapet for industrivekst) sine program, fylkeskommunale virkemidlar og tett dialog med nasjonale og internasjonale virkemiddelaktørar i tillegg til etablerte investornettverk, hjelp vi næringslivet og fremmar næringsutvikling i regionen vår. I tillegg jobbar vi tett saman med Kinn Kommune om førstelinjetenester og er ein viktig rådgjevar i kommunen sitt arbeid med næringsutvikling.
Gjennom vårt inkubatorprogram har vi til ei kvar tid om lag 30 selskap i portefølja. Av ei lang rekke med suksesshistorier kan vi nemne selskap som Evoy, Retrams og Dimeq.
Som dagleg leiar i Aksello har du ansvaret for å utvikle og styrke teamet beståande av eigne tilsette og innleigd kompetanse, til at dei skal kunne levere på selskapets mål. Du vil ha tett og god dialog med eit engasjert og kompetent styre i høve strategisk planlegging og målstyring. Du vil ha overordna ansvar for selskapets økonomi og for selskapets søknader og rapportering når det gjeld selskapets program og prosjekter. Som dagleg leiar har ein det overordna ansvaret for å sikre samhandling med eigarar, myndigheiter og næringsliv for å utvikle selskapet sin strategi.
Saman med dei andre tilsette i Aksello og eit erfarent rådgjevarkorps vil du ta del i, og sitte tett på programma og prosjekta for å oppnå næringsutvikling og nyskaping. Du vil saman med teamet i Aksello arrangere viktige møteplassar for gründerar og næringsliv der innovasjon og berekraftig utvikling vil stå sentralt.
Teamet i Aksello gleda seg til å få deg med som sin leiar.
Stillingskriteria for Dagleg leiar
- Du har lidenskap for innovasjon, næringsutvikling og berekraft
- Du har høgare utdanning, men relevant erfaring kan vege opp
- Du har relevant erfaring med å bygge og utvikle gode team
- Du har god økonomiforståing
- Du har erfaring med forretningsutvikling
- Du er opptatt av lokalt og regionalt næringsliv
- Du likar å halde presentasjonar for store og små forsamlingar
- Du likar å arrangere og legge til rette gode møteplassar og skape miljø
- Du er løysingsorientert, ryddig og resultatorientert
- Du er ein lagspelar som er god på å jobbe i team, og trivast med variert oppgåver
Vi tilbyr:
- Jobb i eit lite selskap med store ambisjonar
- Eit arbeidsmiljø der alle arbeider for morgondagens løysingar.
- Jobbe med eit aktivt lokalt og regionalt næringsliv med stor innovasjonsvilje
- Moglegheit for kompetanseheving og vidare utvikling av deg og dine evner
- Dyktige medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode vilkår
Vi oppfordrar til å søke sjølv om du er usikker på om rollen passer til deg. Ring gjerne for ein uformell prat.
Om arbeidsgiveren
Aksello skal være den føretrekte partnaren for forretningsutvikling, prosjektleiing, gründerer, nettverk, kommunar og etablert næringsliv i region Fjordane.
Gjennom Siva sine program og som Vestland fylkeskommune sin strategiske partner, jobbar Aksello for å legge til rette for nyetableringar og utvikling av eksisterande næringsliv.
Våre eigarar:
Siva, Kinn kommune, Equinor, Westcon, Fjord Base Holding AS, Flora Industri og næringsforening, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn, X
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Strandgata 52, 6905 Florø
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
foretningsutvikling, ledelse, rådgivning
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 337169935
- Sist endret