Dagleg leiar Idrettsklynge Vest
Idrettsklynge Vest
- Frist 3.3.2024
- Ansettelsesform Fast
Idrettsklynge Vest søker ny dagleg leiar
Vil du spele ei sentral rolle i å legge til rette for betre samhandling kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland?
Idrettsklynge Vest jobbar etter visjonen «styrke i samspel» og er ei innovativ og tverrfagleg satsing i Vestland. Samarbeidet omfattar Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Vestland idrettskrets, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Vårt mål er å styrke samhandlinga kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling. Vi fungerer som ein katalysator for samhandling, der deling av kunnskap og læring frå kvarandre står sentralt. Med Idrettsklynge Vest som ein felles plattform skal vi vere inspirerande, kompetente, opne og nyskapande.
For å møte stadig meir komplekse samfunnsutfordringar på ein god og berekraftig måte er samhandling på tvers av fag og sektorar heilt avgjerande. I Idrettsklynge Vest set vi menneske med ulik fagkompetanse og erfaring rundt same bord for å diskutere utfordrande problemstillingar, som kvar og ein ikkje klarer å løyse aleine. Vi set samhandling i system.
Vi søkjer no ein handlekraftig og visjonær leiar for å ivareta og vidareutvikle samarbeidet.
Organisasjonsstruktur:
Idrettsklynge Vest er organisert som eit ideelt AS med fire aksjonærar og fire samarbeidspartnarar, alle regulerte gjennom ein samarbeidsavtale som sikrar like rettar og plikter.
Dagleg leiar rapporterer til styret.
Dagleg leiar er leiar av ei arbeidsgruppe med representantar frå dei 8 aktørane i Idrettsklynge Vest.
Per i dag har vi 8 ulike tverrfaglege møteplassar innan ulike tema, der samhandling skjer og gode prosjekt vert gjennomført.
Idrettsklynge Vest har per i dag 1,5 årsverk i organisasjonen, men samarbeidet er omfattande med eit stort nettverk blant dei 8 deltakande organisasjonane som bidrar inn i Idrettsklynge Vest i kraft av si rolle i eigen organisasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Leie utviklinga av Idrettsklynge Vest i tråd med strategisk plan
- Ivareta og fremje samarbeid mellom dei involverte aktørane
- Ansvar for dagleg drift, økonomi og budsjettarbeid
- Ekstern og intern kommunikasjon og marknadsføring
- Koordinere prosjekt, ressursar og kompetanse
- Stimulere til og søkje ekstern finansiering
- Noko reiseverksemd og arbeid på kveldstid og i helger
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning (minimum 3 år)
- Erfaring frå leiing, prosjektstyring og koordinering
- Kjennskap til dei involverte aktørane og politiske prosessar
Personlege eigenskapar:
- Sterk indre motivasjon og stort driv
- Engasjert, sjølvstendig og strukturert
- Framifrå samarbeids- og relasjonsbyggjande ferdigheiter
Vi tilbyr:
- Eit stimulerande arbeidsmiljø og omfattande nettverk
- Løn etter avtale
- Pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsforhold:
100% fast stilling. Arbeidsgjevaransvaret ligg til Idrettsklynge Vest AS, hovudarbeidsstad er per i dag Idrettens Hus i Bergen. Ynskjeleg oppstart 1. mai, eller etter avtale.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: 5063 Bergen
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Idrett og trening, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 339916162
- Sist endret