Daglig Leder
Sogndal IL Fotball
- Frist 10.3.2024
- Ansettelsesform Fast
Dagleg leiar
Me tilbyr ei av dei mest spanande og utfordrande leiarstillingane på Vestlandet, og håpar du er den vi leitar etter!
Me skal etablere arenaer for innovasjon og entreprenørskap og vidareutvikle samspelet mellom dei frivillige og profesjonelle miljøa. Sportsleg har vi mål om å vere blant dei beste fotballklubbane på herresida i norsk fotball. Utgangspunktet for arbeidet er vår visjon som er «utviklingsarena for toppfotball», der kjerneverdiane «Ambisiøse og utvikande – inkluderande og ærlege» står sentralt.
Som dagleg leiar i Sogndal IL Fotball vil du leia ein klubb og ei verksemd med kunnskapsrike og dyktige tilsette. Du vil få arbeide med motiverte menneske som er opptekne av å skape resultat for klubben. Dagleg leiar si oppgåve er å vidareutvikle organisasjonen og samarbeidet med våre partnarar. Vi ønskjer deg som er god på relasjonar, omdømebygging og forretningsutvikling.
Ansvarsområde:
- Ansvar for den daglege drifta
- Økonomisk styring og rapportering med tilhøyrande resultatansvar
- Personalansvar – gjennom å motivera tilsette mot felles mål og bygge god kultur
- Vidareutvikla verksemda organisatorisk
- Gode relasjonar med samarbeidspartnarar og representere klubben utad
Kven er du?
- Leiarerfaring
- Erfaring med utviklings- og strategiarbeid
- Bakgrunn/ interesse frå fotball eller idrett
- Framoverlent og nyskapande
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Lederkategori: Leder
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 340450636
- Sist endret