Prosjektleiar sirkulære verdikjeder
Hub for Ocean
- Frist 16.5.2024
- Ansettelsesform Fast
Hub for Ocean søker deg som brenn for berekraftig omstilling
Er du opptatt av berekraft og omstilling, og er ein god relasjonsbyggar som evner å omsette ord til handling? Då kan du vere den vi søker etter.
Vi opplever aukande aktivitet, og søker derfor deg som vil vere med å realisere vår nye programsatsing Symbiose Fjordane.
Om programsatsinga vår Symbiose Fjordane:
Ein meir ressurseffektiv og sirkulær økonomi er naudsynt for å nå dei klima, miljø- og bærekraftsmåla vi har forplikta oss til. Hub for Ocean tek tak i desse utfordringane i våre programsatsingar og prosjekt. I samarbeid med næringsliv, offentleg sektor, FoU og verkemiddelapparatet, jobbar vi for å etablere robuste partnarskap og nettverk for realisering av industrielle symbiosar. Målet er å etablere komplette sirkulære verdikjeder som nyttar restråstoff frå m.a oppdrettsnæringa effektivt så lenge som mogleg, i eit kretsløp der minst mogleg ressursar går tapt.
Meir informasjon om kven vi er og kva våre over 130 medlemmer jobbar med av prosjekt og aktivitetar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt: gå inn på www.hubforocean.no og www.oceanhywaycluster.no
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiar for våre satsingar innan Symbiose Fjordane
- Jobbe med næringsutvikling og innovasjonsaktivitetar – evner å omsette ord til handling
- Pådrivar i å bygge nye verdikjeder basert på restråstoff i tett samarbeid med medlemmane våre
- Vere eit talerøyr for medlemmane og fremme deira saker i ulike fora
- Planlegge og gjennomføre ulike arrangement og møteplassar knytt til dei nye verdikjedene
Du er
- Ein god nettverks- og relasjonsbyggar
- Sjølvgåande og initiativrik
- Ein god formidlar, både munnleg og skriftleg
- Samfunnsengasjert med evne til å sjå nye moglegheiter
- Fleksibel, med evne til å snu seg rundt i ei næring som stadig er i endring
Du har
- Relevant høgare utdanning, gjerne med bakgrunn frå innovasjon og regional utvikling
- Erfaring frå relevant arbeidsområde eller næring
- Kunnskap om metodikk som grunnlag for å skape utvikling
Vi kan tilby:
Ein variert og spennande kvardag som du sjølv har stor friheit til å forme. Vi kan tilby ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi er ein dynamisk og hyggeleg gjeng på 10 personar i ein organisasjon med stor takhøgde. Vi er lokalisert i nye og flotte lokale, i det Breeam sertifiserte hamnebygget på Fugleskjærskaia i Florø, med havet som næraste nabo!
Send CV og kortfatta søknad til dagleg leiar Kristin Svardal. Har du praktiske spørsmål vedrørande stillinga kan desse rettast til COO Stein Kvalsund.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Fugleskjærgata 16, 6905 Florø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Event og arrangementer, Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Kontor og administrasjon, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar programmet Symbiose Fjordane
Annonseinformasjon
- FINN-kode 350186047
- Sist endret