Daglig Leder
Vinjerock
- Frist 2.6.2024
- Ansettelsesform Fast
DRAUMEN OM FJELL & FESTIVAL - ER DU VINJEROCK SIN NYE FESTIVALSJEF?
No blir ein av dei mest spanande stillingane i festival-Noreg ledig. Er du vår nye festivalsjef?
No søker me personen som skal leie oss vidare
Drøymer du om å flytte nærare fjell og natur? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfelleskap i fagre Vang i Valdres? Då er det deg me leiter etter. Få stillingar kombinerer festival, musikk og naturopplevelser som ein jobb i Vinjerock gjer.
Etter årets Vinjerock takkar vår festivalsjef av. Det betyr at det er ein kontorplass ledig i Vang i Valdres, for den som vil ha ein av dei mest spanande stillingane i festival-Noreg.
Me leiter etter ein person som vil halde fram med å gjera Vinjerock til ein festival som både lagar fest og moro, bidreg til lokalsamfunnet og stadig utvikler oss innan verdiane våre.
Me leiter etter ein festivalsjef som ser moglegheiter, som har begge beina godt planta i fjellskoa, som drøymer om å endre verda og som ikkje er redd for å stå ute i vind og vêr saman med resten av gjengen når det røyner på.
Stilling ledig: Festivalsjef for Vinjerock
Festivalen søker no etter ny festivalsjef til 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
Som festivalsjef har du det øvste ansvaret for leiing og utvikling av festivalen - som har omkring 750 frivillige, ein stab på 38 personar og ein administrasjon (3,8 årsverk fordelt på leiar, spons, økonomi, markedsføring, område, sal) som tenkjer og jobber med Vinjerock heile året. Saman med administrasjonen gjennomfører du arrangement i lokalsamfunnet, og utviklar nye konsept for Vinjerock.
Me søker deg som:
- Har samlande evner og gode leiareigenskapar
- Er engasjert, har god evne til samarbeid og er fleksibel med omsyn til arbeidstid
- Har erfaring med produksjon av arrangement
- Har erfaring med økonomi og/eller god økonomisk forståing
- Er visjonær og som ønsker å gjera festivalen stadig betre i samarbeid med stab og frivillige
- Brenn for å jobbe med våre viktigaste verdiar
Vinjerock har kontorplass i Vang og med vår lokale forankring er det også naturleg at vår festivalsjef bur i vakre Vang i Valdres.
Me tilbyr:
- Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
- Arbeidsplass er på Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres
- Lønn etter avtale
Søknad og CV sendast per e-post til styreleiar Lars Tefre Baade, lars@vinjerock.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til same e-postadresse eller på telefon: 92246426
Vinjerock ynskjer å gjenspegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle til å søkje, uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Om arbeidsgiveren
Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock.
Vinjerock er store opplevingar i enda større omgivnader. Me samlar årleg eit stort publikum, landets fremste artistar og ein fantastisk stab og frivillige på Eidsbugarden i Jotunheimen. Vinjerock skal flytte grenser over tregrensa, og då treng me dei beste folka. 2024 festivalen er forlengst utseld og til sumaren ventar tidens program frå både scena og aktivitetsprogrammet.
Vinjerock vart i fjor kåra til årets beste festival av Norske kulturarrangører. Det er ein god bekreftelse, men ikkje ei kvilepute og den beste festivalen ligg alltid foran oss.
Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:
- Kultur- og naturglede
- Nynorsk
- Lokalt rotfeste
- Openheit
- Berekraft og inkludering
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Musikk
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Festival, Musikk, Kultur
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 354778100
- Sist endret